Hopp til innhold

Sogndal er klare for Tromsøbesøk

Sogndal er som vanleg spådd å rykkje ned av ekspertane. Men både trenar og spelarar er klare for seriestart på søndag mot Tromsø.

Sogndal, som vanleg spådd å rykke ned av ekspertane.
Men det har dei høyrt før...

– Det er veldig herleg at serien startar. Vi har ei veldig lang oppkøyring bak oss, og vi merkar på spelarane, støtteapparatet og rundt om i klubben at det skal bli herleg å komme i gong, seier Sogndal-trenar, Jonas Olsson.

I fjor hadde Sogndal ein knallstart og låg lenge på toppen av tabellen.

– Kva betyr det å få ein god start no på søndag?

– Det hadde sjølvsagt vore flott å få same opning som vi hadde i fjor då vi leda serien dei fire-fem første omgangane, seier Olsson.

Sidan hadde dei ein del tap og det blei etter kvart vanskelegare å henge med i toppen.

– Men det viser på ein måte kva Sogndal står for, det var ingen sure miner. Alle beit tenna i hop og kjempa og vi fekk ein god haust som gjer at vi framleis spelar i tippeligaen, slår trenaren fast.

Sogndal-trenar Jonas Olsson

KLARE: Sogndal-trenar Jonas Olsson er klar til seriestart.

Foto: Arve Uglum (MMS-foto) / NRK

«Sognekraft»

Jonas Olsson meiner bygda er svært viktig for at Sogndal skal lykkast i fotball.

– Det finst ei enorm kraft i heile bygda her som støttar sitt Sogndal uansett. Både når det går bra og når det går dårleg. Det er ein stor grunn til at vi spelar i tippeligaen i år og.

– Korleis førebur du deg sjølv og laget til førstkommande kamp?

– Eg ser føre meg mykje folk på tribunen, svoltne spelarar som skal spele tippeligakamp for første gong på mange månader. Ei grøn, mjuk grasmatte og at vi vinn kampen. Det hadde vore fantastisk herleg å få starta tippeligaen 2013 med siger, seier den svenske Sogndal-trenaren til NRK.no.

Han meiner det kan vere lett å gløyme kvifor ein held på med fotballen, og seier han minner ofte spelarane på at det er for å ha det kjekt. Sjølv om det er moro å vinne.

Dei beste reiser

– I fjor mista vi mange spelarar, men det har vi også gjort i år. Vi får spele denne omgangen så får vi sjå korleis det går. Vi har mista nokre spelarar, men vi har og fått inn eit par, fortel Olsson.

Den svensk trenaren er "inte alls førbannad" på at fleire av dei gode spelarane har reist.

– Det er heller motsett. Ein synest det er moro for den spelaren som får reise vekk og prøve fotballferdigheitene sine i ein større klubb. Når ein forsvinn, kjem det ofte inn ein ny.

Olsson synest det alltid er spennande å sjå korleis dei unge spelarane utviklar seg.

– Det kan vere frustrerande av og til at spelarane reiser, men i det store og heile er det slik det skal vere i Sogndal fotball.

Ungt og lokalt

– Vi forsøker med så mange unge spelarar vi kan ifrå fylket. Det gjeld ikkje berre Sogndal. Heile fylket gjer ein fantastisk jobb med å få fram spelarar som vi har gleda av å ta imot og kunne utvikle vidare her i elitemiljøet, fortel Olsson.

Han meiner klubbane ute i fylket gjer enormt mykje viktig arbeid for fylket og for Sogndal fotball.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal mot Strømsgodset på Marienlyst stadion
Foto: Rune Sjøberg

Optimaliserer alt

Også spelarane er klare for serieopning og besøk frå nordlendingane.

– Det kjennest bra ut på trening. og eg føler det at i forhold til sesongen i fjor er eg i betre form no, seier Ulrik Flo til NRK.

– Korleis førebur de dykk til sesongstart og kamp mot Tromsø?

– Det er både mental førebuing og prøve å få inn riktig med mat og restitusjon og trene riktig, det blir å optimalisere alt, så vi får ein optimal dag på søndag, fortel Flo.

– Eg har slite litt med skadar, så eg har jobba ein del med å kome i form fram til helga, seier Ørjan Hopen som også er klar for å slå Tromsø.

Må tenkje likt

– Kva er det viktigaste når de entrar matta på søndag?

– Det er viktig at alle har dei same tankane og tenkjer likt. Om vi begynner på eigahand då fungerer det ikkje. Om alle står i lag som eit kollektiv, det er då Sogndal vinn fotballkampar, seier Eirik Skaasheim.

Om det hopar seg opp masse negativt og vi ikkje får noko positivt inni mellom, så bryt ein berre lenger og lenger ned, fortel spelarane.

– Vi har vel ein regel som seier at for kvar negative ting du seier skal du og ha tolv positive. Og Jonas er flink til å fokusere på det positive, seier dei.

Spelarane gjorde ei bra opning i fjor og meiner dei har like gode sjansar til å starte bra også i år.

Klare til kamp

– Det følast som vi er betre i år enn vi var i fjor på dette tidspunktet, så det blir spennande å sjå, seier trenar Olsson om helgas kommande kamp.

Sjølv om alle dømmar Sogndal fotball nord og ned har i alle fall trenaren trua.

– Vi skal kjempe og stå på i 90 minutt og så får vi sjå kva som står på tavla til slutt.