Hopp til innhold

Viss statistikken stemmer, vert det poengdeling på Fosshaugane fredag...

Det er store sjansar for at det vert poengdeling når Sogndal og Strømsgodset barkar saman på Fosshaugane fredag kveld. «For da står i statistikken».

Sogndal - Rosenborg

FULL POTT: Rune Bolseth (t.h.) er klar for å ta full pott mot Strømsgodset fredag.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Statistikkens tale er klar før fredagens oppgjer mellom heimelaget Sogndal og gjestane frå Drammen - kampen kjem til å ende uavgjort.

Åtte av dei ti siste seriemøta på Fosshaugane har nemleg enda i poengdeling. To kampar har enda i siger for heimelaget.

– Statistikken seier vel det blir uavgjort igjen, men vi går for siger, seier kaptein Rune Bolseth, som sjølv har vore med på ei rekkje einpoengarar mot Strømsgodset.

Viktig kamp for begge

Kampen er svært viktig for begge lag og ingen av dei kan vere nøgde med poengdeling. Etter tre strake tap har Sogndal gått frå tilsynelatande trygg grunn, til å blande seg inn i nedrykksstriden. Avstanden til Tromsø på kvalikplass er fire poeng. Hønefoss på nedrykksplass har to poeng mindre.

For Strømsgodset betyr full pott ein førebels tabelltopp og press på gullrival Rosenborg.

– Det blir ein tøff kamp i morgon, og vi må verkeleg vere på om vi skal stikke av med alle poenga, seier Bolseth.

Viktig for lagmoralen

Kapteinen seier det for spelargruppa hadde smakt godt å snu trenden mot eit gulljagande Strømsgodset.

– Det hadde vore utruleg herleg og ville gjeve ein utruleg giv i laget. Det er viktig for både gutsen og lagmoralen at vi snur dette no, seier Bolseth og meiner dei trass tre tap på rad har mykje positivt å plukke frå dei siste kampane.

– Mot Brann starta vi veldig dårleg, men kom bra etter og kunne fort ta poeng. Mot Lillestrøm var vi veldig bra i andreomgang. Det var kampen mot Start som var veldig dårleg og du sat att med ein skikkeleg, skikkeleg dårleg kjensle.

Ikkje nøgde

– Korleis skal de klare å snu det mot Strømsgodset?

– Vi har ikkje vore nøgde med det gjort siste kampane, og det er vel eigentleg å gjere alt vi ikkje gjorde mot Start. Vi må gå ut og ta tak i kampen, vere tøffe i duellspelet og få kampen inn i sporet vi ynskjer.

– Så får vi sjå om vi er gode nok til å klare det, held Bolseth fram.

Ikkje poengdeling

Jostein Flo

SPORTSSJEF: Stryningen Jostein Flo er ein sentral skikkelse i Strømsgodset.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Sportssjef Jostein Flo har scora tre mål for blåtrøyene i uavgjortkampar på Fosshaugane. På 90-talet trekte han også den kvite Sogndal-trøya over hovudet.

Sist drammensklubben fekk full pott i ein seriekamp i Sogndal, var i 1986. Då var Flo eit 22 år gamalt fotballtalent i Stryn.

– Eg blir overraska om det skulle bli poengdeling igjen. No må Sogndal vinne for å unngå nedrykksstrid, og vi må vinne for å ta seriegull. Det siste resultatet eg ville tenkt på no er uavgjort, seier Flo.

Stort sett rimeleg nøgd

Samstundes innser han at uavgjort gjerne kan bli eit resultat av i ein kamp begge lag bør vinne oppgjeret.

Flo kjem sjølv til å sitje på tribunen når laga entrar kunstgrasmatta på Fosshaugane. Og han vedgår at det blir ein spesiell kamp.

Sjølv om det er mange år sidan han sjølv jakta mål for Sogndal.

– Det er vanskeleg å sitje på tribunen og juble når Godset vinn over kameratar og folk eg har delt mykje med der oppe. Alle dyttar borti meg når Sogndal scorar. Det har dei alltid gjort. Men som du seier så har det stort sett enda uavgjort, så eg har reist rimeleg nøgd derifrå, seier han.

Respekt for Sogndal

– Korleis har de tenkt å bikke kampen i dykkar favør?

– Vi er alltid offensive og scorar mykje mål. Over to mål i snitt. Samstundes slepp vi inn ganske lite mål og det er mykje fordi vi er offensive og rett og slett ganske gode. Men Sogndal er historisk sett sterke på dødball. Dei har scora 15 av 24 mål på det, så det må vi ha respekt for.

– Ein del mål

– Eg trur det blir ein kamp med god intensitet, rett og slett fordi Sogndal bør vinne og vi bør vinne. Det trur eg gir ein underhaldne kamp, og ein del mål. Det vil overraske meg veldig om ikkje eitt av laga sigrar, legg Flo til.

Arrangementssjef Geir Inge Heggestad opplyser at det så langt selt over 2.500 billettar til kampen fredag.

Han ventar kring 4.000 tilskodarar på tribunen når kampen blir sparka i gang.