Både samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete kjem til Fjærland for å ta del i markeringa.
Etter 16 år med bompenge-innkrevjing - ein periode der prisen for passering med privatbil har auka frå 110 til 180 kroner - blir det gratis å køyre Fjærlandsvegen.
Klokka 10.55 neste fredag blir bommen heva for godt.
I samband med avvikla av bommen slår fjærlendingane på stortromma med eit omfattande kulturprogram heile dagen, inkludert tenning av julegran.