Det var
at Rune Bolseth fekk ballen i hovudet. Nokre minuttar seinare vart han erstatta av Ahyee Aye Elvis. Sandensaren har også tidlegare i sesongen fått hjerneristning og kan no gå glipp av resten av sesongen.- SJÅ:
- I verste fall, så kan det bety det. Vi ventar på tilbakemelding kor alvorleg dette er, stadfestar trenar Karl Oskar Emberland.
- Ein ny får sjansen
Bolseth gjekk også glipp av dei to første seriekampane som følgje av skade. Emberland vedgår at kapteinen er ein viktig spelar for Sogndal, men trur ikkje at Sogndal blir vesentleg svekka som følgje av skaden.
- Det betyr ikkje anna enn at han ikkje er tilgjengeleg for resten av sesongen og at ein ny får sjansen. Fotballen er ein gang slik at vi har ein stall og folk å sette inn, seier han.