Hopp til innhold

– Dei gjer ein formidabel innsats

I løpet av helga har undervarmen på Fosshaugane Campus byrja å fungere att.

Den gamle trakkegjengen på Fosshaugane Campus er i full gang med å trakke is.

SJÅ VIDEO: Den gamle trakkegjengen på Fosshaugane vart hyra inn til å trakke is for å få fortgang på arbeidet med å få bana speleklar til seriestart. (Foto: Geir Bjarte Hjetland/NRK)

Dermed ser det likevel ut til å gå mot seriepremiere på Fosshaugane 17. mars.

Kvifor undervarmen plutseleg byrja å fungere i helga, er uvisst. Men det viktigaste for Sogndal Fotball er at dei no ser isen minke.

– Vi ser allereie no resultatet, konstaterer dagleg leiar Egil B. Mundal.

Undervarmen har ikkje fungert skikkeleg sidan kunstgrasmatta vart rulla ut i fjor sommar.

I vinter har isen og snøen lagt seg tjukk på Fosshaugane og før helga vart varmevatn og matter tekne i bruk i eit forsøk på å få den 9.000 kvadratmeter store bana speleklar til Tromsø vitjar bygda om knappe to veker.

I dag vart trakkemannskap hyra inn for å få fortgang på arbeidet. Dette er den same gjengen med pensjonistar som i årevis gjorde ein stor jobb med å trakke ned den gamle grasbana før og etter kvar einaste heimekamp.

– Formidabel innsats

– No har vi kalla inn trakkegjengen som velvillig stiller opp for oss med å få overflateisen vekk frå bana. Vi registrerer med glede at varmen frå undersida har byrja å gje effekt. Så må vi løyse det og frå oversida, slik at vi får brøyta vekk den isen som ligg att, seier Mundal til NRK.

– Kva tykkjer du om innsatsen til pensjonistane som har stilt opp her i dag?

– Det er velig kjekt, og dei gjer ein formidabel innsats. Det er stas at dei stiller opp for laget og bygda.

- Gledeleg

Problema med undervarmen har ført til mykje prat og mange spekulasjonar i Sogndal. No vonar Mundal at ein ser ei løysing på dei store utfordringane.

– Systemet har vore på i ei veke, så vi har bidrege med straumkostnader til Sognekraft her ei stund alt. Det som no er gledeleg å sjå er at ute på bana så ser ein no at isen forsvinn, og at det kjem varme frå undersida. Det har vi ikkje opplevd før no i helga, fortel Mundal.

Får løn i himmelen

– Du er gjerne litt meir optimist no enn du var i helga kanskje?

– Ja, dette er veldig gledeleg dette her sjølvsagt.

Ein av dei som i heile føremiddag har brukt tid og krefter ute på kunstgraset er Sogndal-entusiast og pensjonist Endre Gjerde frå Leikanger.

– Det er storarta at vi pensjonistane ikkje blir gløymde, og får vere med å gjere denne jobben. Vi har blitt lova vår løn i himmelen, gliser humoristen og dugnadsmannen Gjerde.