Hopp til innhold

Sogndal Fotball droppar protest

Sogndal kjem ikkje til å legge inn protest etter at Fredrikstad hadde tolv spelarar på bana på overtid. – Vi er opptekne av fair play og meiner dette ikkje hadde ein stor innverknad på kampen, seier Håvard Flo til Sogn Avis. Sogndal tapte kampen 1–2.

Håvard Flo på Fosshaugane Campus
Foto: Ola Weel Skram / NRK