I brevet dei har sendt til partileiar Jan Petersen, stortingsrepresentant Sverre Hoddevik og samferdsleminister Torild Skogsholm, ber dei også regjeringa om å støtte bygginga av statens hus på Leikanger. Men mest opptekne er dei av å få snudd sitt eige parti i kampen om Vegkontoret.
På grunn av tidspress har dei ikkje snakka med fylkespartiet før dei sendte brevet. Dermed er det berre høgreleiarane i Luster, Sogndal, Vik, Balestrand og Leikanger som har skrive under. Kva eit slikt brev frå eit knippe partilag i Indre Sogn kan utrette er vanskeleg å vite, men Kåsine håpar han får regjeringspolitikarane i Høgre med seg.