Sinna i kok
Sinna er regelrett i kok hjå dei tilsette på regionvegkontoret på Hermansverk. Årsakene er mange, men først og fremst går frustrasjonen ut på den manglande viljen som rår blant leiinga om å satse på Leikanger. I eit internt notat skriv fleire av dei tilsette at tre månader er gått utan at Leikanger er tilført ny kompetanse – heller tvert imot; det meste er lagt til Bergen.
Inn på teppet
Dette skrivet skal ha falle regionvegsjef Ole Christian Torpp tungt for brystet. Etter det NRK Sogn og Fjordane kjenner til skal kvar og ein av dei som sto bak brevet, blitt kalla inn på teppet – og nokre av dei tok til tårene etter dette møtet.
Sjefane uteblir
Ingen tør no å stå fram med sin kritikk, men lista over ting dei tilsette er misnøgde med er lang. Blant anna at regionvegsjefen og administrasjonstabssjefen sjeldan er å sjå på kontora sine og det blir stilt spørsmål ved korleis leiinga kan konsentrere seg om å byggje kontoret på Hermansverk når dei er så lite til stades.
Det blir og reagert på at det knapt har vore registrert eit einaste leiarmøte i det som trass alt er regionvegkontoret og at det framleis ikkje er flytta ein einaste arbeidsplass frå dei andre regionane til Leikanger.
Dobbel agenda
Dette gjer at dei tilsette mistenker leiinga for å ha ein dobbel agenda. Nemleg å snakke fint om utviklinga på Hermansverk, medan dei i realtiteten byggjer opp Bergen som hovudsete for kontoret.
Kjelder vi har snakka med trur berre eit diktatur frå den politiske leiinga i samferdsledepartementet kan stoppe denne utviklinga.