Sjekk status på fjellovergangane
Snøraset på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet gjorde at vegen var stengd i ein periode, men den vart like etter klokka ti opna for trafikk. Det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel.
Snøraset gjekk på austsida av fjellovergangen i nærleiken av Storeskar. Ifølge Varsom var det fleire snøskred som losna onsdag morgon.
Snøskred i Sel
Også i Sel i Gudbrandsdalen gjekk det eit snøskred onsdag morgon. Det gjekk over fylkesveg 2614 mellom Otta og Sel, ved Selsvegen 839. Meldinga kom klokka 05.35.
Raset var rundt 30–40 meter breitt og rundt fire meter djupt. Det gjekk knappe 20 meter frå eit bustadhus. Ingen vart tekne av skredet.
– Det er eit kjent punkt som det har gått ras før. Eg prata med han som bur der, og han sa det har gått nesten inn på husveggen før i tida, seier byggeleiar Andreas Sande Lien i Innlandet fylkeskommune, som var i området.
– Fryktar de fleire ras på same strekning?
– Det kan kome fleire, så difor har me stengt vegen der det kan vere fare.
Ein geolog var klokka 11 framme på staden for å vurdere rasfaren i området.
Snøskredet i Sel som gjekk over fylkesveg 2614.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKMange stengde fjellovergangar
Det er ruskevêr på fleire fjellovergangar i Sør-Noreg onsdag og fleire av dei er heilt stengd.
– Det er rett og slett dårleg vêr og ruskete. Ifølge meteorologane skal vêret bli betre utover formiddagen, så statusen på vegane vil truleg endre seg utover dagen, seier Jan Marøy ved Vegsentralen Vest.
Det er sendt ut gult farevarsel for kraftig snøfokk i fjellet. Det gjaldt fyrst til klokka 12, men er no forlenga ut dagen.
Status på vegane er slik (klokka 16:00):
- E6 Dovrefjell: Open for trafikk
- E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring
- Rv7 Hardangervidda: Kolonnekøyring
- Rv52 Hemsedalsfjellet: Opent. Kolonne på kort varsel
- Rv13 Vikafjellet: Stengd. Ny vurdering torsdag klokka 08
- Rv9 Hovden-Haukeli: Open for trafikk
- Fv50 Hol-Aurland: Open for trafikk
- Fv53 Tyin – Årdal: Stengd på grunn av rasfare. Ny vurdering fredag klokka 13
- E16 Filefjell: Opent
- Rv15 Strynefjellet: Opent
- Fv27 Venabygdsfjellet: Stengd. Ny vurdering torsdag kl. 12.
Kraftig vind og snøfokk
Farevarselet for kraftig snøfokk gjeld ut dagen. Det gir dårleg sikt og vanskelege køyreforhold, fordi snø også kan pakke seg i vegbana.
Meteorologisk institutt ber folk rekne ekstra tid til transport og køyring og bruke riktige dekk.
I Rogaland vart det i går kveld sendt ut gult farevarsel for kraftig vind. Det er også venta kraftig vind frå Lindesnes og heilt til svenskegrensa, samt på utsette stader nordover, på Vestlandet og i Trøndelag.
FAREVARSEL: Gult farevarsel for snøfokk. Varselet gjeld no ut dagen.
Foto: Meteorologisk institutt