Hopp til innhold

Slik såg Tindevegen ut i dag tidleg

Måndag morgon låg det snø og slaps i vegbana på den populære Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø

Snø på Tindevegen

MÅNDAG MORGON: Slik såg det ut på Tindevegen i halv sjutida. No er det bert i vegen, men snøen ligg framleis i terrenget.

Foto: tindevegen.no

– I helga var det knallvêr med 18 gradar laurdag. Og så blir det snø måndag morgon, seier Frank Eldegard.

Han er styreleiar for Tindevegen AS, som har ansvar for vegen som var snølagd måndag morgon.

Tindevegen er ein 32 kilometer lang fjellveg mellom Årdal og Turtagrø. På det høgste punktet passerer han 1315 meter over havet.

Vegen er vanlegvis open frå mai til november, og blir rekna som ein snarveg opp på Sognefjellet om du kjem sør ifrå.

Iallfall om bilen er liten nok.

I juli melde NRK om to vogntog som følgde GPS-ein og køyrde seg fast i hårnålssvingane. Til trass for at det er skilta mot tunge køyretøy på vegen.

– Trur ikkje det kjem meir i dag

Også på vegen opp mot Juvasshytta var det snø i dag tidleg.

Der var det så mykje snø at vegen var stengd.

Men no er vegen open att, opplyser Juvasshytta på Facebook.

Snø på vegen til Juvasshytta

SNØ: Måndag morgon var vegen til Juvasshytta stengd, men den er no opna att.

Foto: Juvasshytta

Meteorolog Kristin Sæther ved vêrvarslinga på Vestland seier det er kjølig, men at det truleg ikkje kjem meir snø på høgfjellet i dag.

– Det har kome inn kjølig luft. Det er nok fare for framleis snø i fjellet, men eg trur ikkje det kjem meir i dag.

SOMMARVEG: Tindevegen er 32 kilometer lang og mykje nytta om sommaren.

– Eit fint slør som har pynta fjellet

– Denne vegen er eksotisk, sjølv for nordmenn. Tindevegen er ein attraksjon i seg sjølv, seier Eldegard.

I fjor var det snø på Tindevegen allereie i juli, som førde til at vegen var stengd ei par dagar.

Denne gangen vil snøvêret ikkje by på slike problem, forsikrar Eldegard.

– Nei, ikkje i det heile teke. Vi har fått eit fint slør som har pynta fjellet. Snøen forsvinn fort i vegen. Det hadde vore verre om han blei liggande i vegbana.

I 2018 var det 44.000 bilar som køyrde vegen.

Eldegard trur årets sesong vil vise endå betre tal. Dei har hatt fleire dagar med over 1000 bilar i døgnet. Den gamle dagsrekorden var på om lag 750 bilar.

– Vi var litt usikre på korleis sommaren ville bli med tanke på korona, men det viser seg at det har vore ein fantastisk trafikk.

Og de er inga grunn til uro, seier han

– Det er trygt og fint å køyre. Folk kan ta det heilt med ro. Snøen som kjem no er ofte eit lett slør og forsvinn fort i vegbana. No er det vått og bert.