Hopp til innhold

Snart klart for meir av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»

Kvifor vel eigentleg folk å bu milevis frå næraste nabo? Kanskje utan innlagt straum, eller på ein stad der dei må hente vatn frå eit islagt vatn. No kjem ein ny sesong der du får litt meir svar på det.

Trailer for den nye sesongen til "Der Ingen skulle tru at nokon kunne bu"

SJÅ TRAILER: Programskaparane Arve Uglum og Torje Bjellaas har igjen reist land og strand rundt for å finne svar på dei store spørsmåla. (FOTO/REDIGERING: TORJE BJELLAAS)

20. november 2016. Det er premieredatoen for første program i femtande sesong av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Programleiar Arve Uglum og fotograf Torje Bjellaas i NRK Sogn og Fjordane tok over stafettpinnen for den tradisjonsrike NRK-serien i fjor.

No gler dei seg til å vise fram nye program.

– Det blir seks program frå heile Norge. Frå Tanafjorden i nord til skogsheiene utanfor Kristiansand i sør. Vi besøker ulike folk som lever for seg sjølve og som klarar seg sjølve. Dei har valt andre ting i liva sine, enn dei fleste andre av oss, fortel dei to.

– Ikkje mange program som har levd lenger

Programskaparane i NRK Sogn og Fjordane fekk store sko å fylle då dei hausten for to år sidan tok over konseptet til etter Oddgeir Bruaset. Romsdalingen hadde med 13 sesongar som programleiar for NRK-serien, blitt ein kjent skikkelse for mange.

Men også fjorårssesongen vart ein suksess, og vart blant anna premiert med nomiasjon til Gullruten i kategorien Beste magasin- og livsstilsprogram . På sosiale medium har det synt att at episodane har fenga, og det er heilt tydeleg at folk framleis er fascinerte over folk som lever annleis enn dei fleste andre.

Arve Uglum og Torje Bjellaas

SISTE HAND: Arve Uglum (t.v.) og Torje Bjellaas er i full gang med å legge siste hand på den 15. sesonngen av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dette blir den femtande sesongen, og det er ein æve på norsk fjernsyn. Det er ikkje mange program som har levd lenger, seier programleiar Arve Uglum.

Leitar etter svara på dei store spørsmåla

Også i årets sesong får du møte menneske som lever i ulike gradar av isolasjon frå omverda, utan bilveg og naboar vegg i vegg. For å klare å bu slik må dei velje vekk mykje, men det finst alltid ei forklaring på kvifor.

– Alt balet og slitet, det er jo det folk ser. Men vår jobb er å finne det som ligg bak. Kva er det som motiverer folk til å leve slik og kva får dei att for å leve på denne måten, seier programskaparane engasjert.

– Dei lever liv som er ei utfordring i seg sjølv, og det er fascinerande å sjå at dei vil ha det slik.