Hopp til innhold

– Å vente er veldig vanskeleg

SANDANE (NRK): I snart to år har iranske Maryam Bandari og sønene budd i pinsekyrkja i Gloppen. Om få månader kan framtida deira bli avgjort i retten.

Maryam Bandari

VENTETID: Maryam Bandari frå Iran ventar på å få saka si opp att i retten i april. Ho gjekk i kyrkjeasyl i Gloppen i 2017, men har kunne bevege seg fritt mens ho ventar på ny rettssak.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Bandari gjekk i kyrkjeasyl i 2017 etter å ha fått avslag på søknaden om opphaldsløyve. I fjor vann ho fram i Oslo tingrett, som meinte ho og sønene skulle få bli i Noreg.

Men Utlendingsnemnda anka avgjerda. I april startar rettssaka som kan avgjere framtida til Maryam Bandari og familien.

– Det er både gode og dårlege dagar. Men tida går fort, det har snart gått to år. I augneblinken håpar vi på framtida. Når saka kjem opp igjen, håpar vi å vinne igjen, seier Bandari, som vedgår at prosessen er tøff.

– Å vente på alt er ikkje lett, det er veldig vanskeleg.

– Tenkjer mykje

Bandari seier ho konverterte frå islam til kristendom i 2013 medan familien budde i Dubai. Ho hevdar ho som kristen konvertitt vil bli straffa eller forfølgt viss ho må reise tilbake til heimlandet Iran.

Mens Bandari har venta på å få saka opp att, har ho kunne bevege seg fritt.

– Det positive dette året, er at eg kan gå ut og er litt meir oppteken. Eg går på norskskurs og er i språkpraksis. Men eg tenkjer mykje på dette, fordi du aldri veit kva som vil skje.

Håpar på same utfall

Sidan Bandari gjekk i kyrkjeasyl for snart to år sidan, har ho hatt hjelp frå fleire tilknytt pinsekyrkja på Sandane, men også av folk utanfor. I tillegg til at dei får bu i kyrkja, har dei trengt økonomisk og praktisk hjelp. Ein kjerne på 12-15 personar frå kyrkja har vore sentrale i arbeidet, ein av dei er John Valør.

– Eg håpar lagmannsretten tek tingrettens dom til følge og seier at Maryam har god grunn til å bli Noreg, seier Valør.

– Pinsekyrkja har gjort det beste for oss. Hadde ikkje pinsekyrkja vore her, veit eg ikkje kva som hadde skjedd med meg, seier Bandari.

Meiner tingretten si vurdering ikkje er riktig

Utlendingsnemnda stiller ikkje til intervju, sidan saka skal opp i retten. Men seksjonssjef Iselin Ryeng-Lande gir følgande kommentar:

– Staten har anka dommen frå tingretten. Det har vi gjort fordi vi meiner at tingretten ikkje har gjort ei riktig vurdering av risikoen for forfølging ved retur til Iran. Vi meiner at tingrettens dom ikkje er i tråd med korleis forholda i Iran er, eller korleis domstolane tidlegare har vurdert desse.

– Dersom UNE får medhald i anken, vil det bety at vårt vedtak er gyldig. Så vil det vere opp til Bandari om ho då ankar saka vidare til Høgsterett, opplyser Ryeng-Lande.

Den iranske kvinna håpar å vinne fram når saka kjem opp att i april

– Viss vi vinn, vil vi feire. Viss vi ikkje vinn, må vi følge dommen, seier ho.

Ektemannen hennar bur i dag i Canada, ho og dei to sønene i Noreg.

– Eg håpar heile familien vil vere samla igjen, og at vi vil ha eit normalt liv.