Smittevernoverlege reagerer på Fløibane-kø: – Eg hadde ikkje stilt meg opp

Fleire hundre bergensarar stilte seg i kø for å aka og gå på ski. Smittevernoverlegen blir uroa over å sjå bilda.

Kø til Fløibanen

TETT: Køen for å ta Fløibanen var både lang og tett måndag kveld.

Foto: Ingvild Beate Bergaplass / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Måndag kveld var det lange køar opp til Fløyen i Bergen. I det populære turområdet er det skiløyper og gode akehøve.

Det førte også til stor kø til Fløibanen. Måndag kveld stod hundrevis i kø for å ta banen opp til fjellet. Stundom var køen så lang at den nesten gjekk ned på torget i Bergen.

– Fyrste gong stod me i kø i 35 minuttar. Andre gongen var det lang kø. Då hadde me måtta venta i halvannan time. Då gjekk me heller opp i staden, seier Sondre Hagen Rønnestad.

Fløyenbilder

UT AV TUNNELEN: På det meste stod køen nesten heilt ned til Torget.

Foto: Ingvild Beate Bergaplass / NRK

Køen vart ikkje mindre då Fløibanen fekk driftsstans i 19-tida. Dessutan køyrer vognene med halv kapasitet, slik at det skal vera lettare å halda avstand.

Rønnestad tok turen opp på fjellet for å aka ned att saman med venegjengen.

– Det er kappløp på veg ned. Veldig mange er på veg opp, så me må stoppa mykje og vika for dei, seier Marius Kjørsvik.

Er du redd for å bli smitta?

– Både og. Eg er jo i fast jobb, så eg kjenner litt på å utsetja kollegaane mine for smitte, seier Kjørsvik.

Vinter på Fløyen i Bergen 2021

SNØ: Det er dette bergensarane vil opp på Fløyen for å utnytta. Det er sjeldan snørike dagar i Bergen.

Foto: Ingvild Beate Bergaplass / NRK

– Ikkje bra

Konstituert smittevernoverlege i Bergen, Egil Bovim, blir uroa når han ser bileta.

– Dette ser ikkje bra ut. For det fyrste er det smitterisiko. For det andre viser det at dei ikkje tek omsyn til det som er sagt om smittevernreglar.

– Viss eg hadde sett ei slik folkemengde hadde eg ikkje stilt meg opp i ho, seier han.

Smittevernoverlegen seier det å stå så tett kan medverka til smittespreiing, også utandørs.

– Så tett kan ein berre stå om ein er i same husstand. Så store husstandar som dette finst ikkje. Dette viser at folk ikkje har forstått kva smittevernreglar som gjeld, seier Bovim.

Likevel er det bra at køen er utandørs.

– Men eg lurar på kva som skjer i tunnelen inn mot Fløibanen. Der kan det bli alvorleg, seier smittevernoverlegen.

Men er det ikkje bra at folk kjem seg ut?

– Jo, det er veldig bra. Men dette er ikkje bra.

Egil Bovim

KRITISK: Konstituert smittevernoverlege i Bergen, Egil Bovim, er kritisk til at folk ikkje held meir avstand i køen.

Foto: Anne B. Vassbotn, KoKom

Smittesituasjonen ikkje kritisk

Smittesituasjonen i Bergen er for augneblinken ikkje kritisk. Førre veke fekk 129 bekrefta viruset.

Ein del av desse fekk viruset påvist etter å ha landa med fly på Flesland. Men tysdag steig R-talet i Helse Bergen sitt område til 1,7.

– Me er i ein ustabil situasjon, og har fått litt smitte etter jul. Då skal ein ikkje gjera slikt som dette. Her er det så avgjort fare for at smitten kan spreia seg, seier Bovim.

– Det hjelper ikkje å køyra med halvfulle vogner om ein står tett i køen.

Har vaktar som passar på

Inne i hallen har Fløibanen sett opp lappar som minner om at ein må hugsa å halda avstand. Dessutan har dei vaktar som passar på og oppmodar passasjerane om å bruka munnbind.

I tillegg køyrer dei altså med 35-40 passasjerar i staden for 70, opplyser administrerande direktør i Fløibanen Anita Nybø.

– Eg inviterer gjerne smittevernoverlegen for å koma på besøk og gje oss gode råd om korleis me kan handtera ungdommen. Men me treng at passasjerane spelar på lag med oss for å få ei god oppleving, seier Nybø.

Fløyenbilder

METEREN: Fløibanen oppmodar passasjerane om å halda reglane for smittevern.

Foto: Ingvild Beate Bergaplass / NRK

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 25.01.2021
2 052
Smittede/uke
135
Innlagte
548
Døde
76 859
Vaksinerte