Hopp til innhold

Slutt på dørproduksjonen i Utvik

Konkursen hos Dooria Årdal AS får no også følgjer for dørproduksjonen i Utvik. Om lag ti årsverk vert kutta og drifta stengjer så raskt som mogleg.

Dooria i Utvik

HER ER DET SLUTT: Dørproduksjonen i Utvik går mot slutten etter at Dooria har bestemt seg for å avvikle drifta.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Det er ikkje snakk om noko oppbod eller konkurs, men utan Dooria i Årdal er det ikkje mogleg for fabrikken i Utvik å drive vidare, seier konsernsjef i Dooria, Mikkel Sandvik til NRK.no.

Når fabrikken no stengjer dørene er det etter over 60 års drift. Det er i Utvik Dooria har sitt utspring og det var her konsernet vart leia frå fram til 2010.

Etter store økonomiske tap bestemte dørprodusenten Dooria seg for å stengje dørene på fabrikken i Årdal førre veke. Arbeidet med å få verksemda til å løne seg har ikkje lukkast og når fabrikken stoggar produksjonen misser 32 tilsette jobben.

- Utvik klarar seg ikkje utan Årdal

Konkursen i Årdal får også følgjer for dørproduksjon i Utvik. Verksemda her er heilt avhengig av fabrikken i Årdal, og etter konkursen her er det ikkje lenger økonomisk grunnlag for drift i Utvik.

- Verksemda i Utvik har vore basert på leveransar til og frå Årdal. Utan drift i Årdal klarer vi ikkje fortsetje i Utvik, seier Sandvik til NRK.no.

Dei ti årsverka som er fordelt på 12-13 tilsette vil alle misse jobben, men det er førebels ikkje endeleg bestemt kor tid det er slutt på produksjonen i Utvik.

Håpar på ny verksemd i lokala

- Avviklinga vil finne stad i løpet av tre til seks månader. Det er tung å gje slike meldingar til gode og lojale kollegaer, seier Sandvik.

Han legg til at Dooria-konsernet leverer positive resultat.

- Det hadde difor vore svært hyggeleg om vi kunne ta med kollegaene i Utvik inn i den spennande perioden vi går inn i. Vi har vurdert ei rekke løysingar for å få til drift, men har ikkje funne lønsame løysingar, seier Sandvik.

Dooria vil vurdere om det er mogleg å få i gang anna type verksemd i lokala med nye eigarar, der dei kan nytte seg av kompetansen og utstyret som finst.