Hopp til innhold

- Feil å etablere Dooria i Årdal

Næringspolitisk talsmann i Høgre, Svein Flåtten, meiner etablering av dørfabrikken Dooria er eit døme på feilslått statleg næringspolitikk.

Svein Flåtten (H)

LITE IMPONERT: Svein Flåtten, næringspolitisk talsmann i Høgre, meiner Dooria aldri burde blitt etablert i Årdal.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Torsdag vart det kjent at 32 tilsette misser jobben når Dooria legg ned fabrikken i Årdal . Verksemda hadde frå starten av 2007 kring 60 personar i arbeid.

– Akkurat dette er ei fadese, meiner Flåtten, som er lite imponert over regjeringa.

Stolt Stoltenberg

Statsminister Jens Stoltenberg og ordførar Arild Ingar Lægreid.

STOLT: Statsminister Jens Stoltenberg, her saman med ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Våren 2006 kunne Jens Stoltenberg fortelje at faren var over i bygda, som stod i fare for å miste mange arbeidsplassar fordi Hydro skulle kutte i den eldste produksjonsteknologien ved verket - Søderberganlegget.

– Eg meiner vi har fått til akkurat det vi sa vi skulle få til. Nemleg arbeidsplassar, sa statsministeren. Men alt har ikkje gått på skjener for det som har blitt kalla «Stoltenbergs dørfabrikk».

Fekk mange åtvaringar

Dooria vart hardt råka av finanskrisa, og i fjor måtte investeringsselskapet CredoPartners spytte inn pengar for å unngå konkurs. No er det slutt på det som skulle vere eit bidrag frå Stoltenberg 1-regjeringa til å skaffe nye arbeidsplassar.

Flåtten meiner fabrikken aldri skulle vore etablert i Årdal.

– Det var mange som åtvara mot dette. Ikkje minst frå stadar som sjølv hadde dørfabrikkar, seier han.

Politisk uro

Det var politisk uro kring avgjersla i 2006 om å løyve 79 millionar i omstillingsmidlar til Årdal. Av desse skulle 13 millionar gå til dørfabrikken.

Høgre meinte då at Innovasjon Norge vart pressa av regjeringa til å løyve pengar til satsinga i Ap-bastionen.

– Innovasjon Norge var under monaleg press for å gjere dette. Årdal er ikkje ein kva som helst stad for Det norske Arbeidarparti, meiner Flåtten.

– Viktigast med gevinst

Dooriafabrikkar får frist til 2012.

SLUTT: Dooria-fabrikken i Årdal blir lagd ned.

Foto: Fotomontasje

Nestleiar i Høgre, Jan Tore Sanner, seier til NRK at han stiller seg spørsmålet om ein rask politisk gevinst vart viktigare for Arbeidarpartiet enn varige arbeidsplassar.

Verken statsministeren eller næringsministeren har vore tilgjengelege for kommentar. For dei tilsette i Dooria, var det ein tung beskjed å få like før ferien.

– Det er ein tung dag. Vi sit att med litt tunge tankar, seier tillitsvald og representant for dei tilsette i styret, Morten Tvervåg.