Hopp til innhold

Sløvåg blir endeleg kvitt avfallet

Gulen-ordførar Trude Brosvik er svært glad for at Alexela Sløvåg no blir kvitt rest-avfallet i tankanlegget i kommunen.

Alexela i Sløvåg i Gulen.

Arkivfoto frå Alexela i Sløvåg i Gulen.

Foto: Steinar Lote / NRK

I dag vart det kjent at verksemda har inngått avtale med det tyske Ölrecycling om å fjerne og øydeleggje avfallet.

Har venta lenge

Brosvik seier det betyr at dei no endeleg kan legge ulukka i 2007 bak seg.

- Dette har vi venta på og gler oss til. Det er ei god nyheit at det som er på tankane blir fjerna for godt.

Avfallet har lege i Gulen sidan mai 2007 då to tankar ved anlegget eksploderte.

- Ei form for julegåve

Administrerande direktør, Håkon Ivarson i Alexela seier dei håpar å vere kvitt avfallet i løpet av andre veka over nyttår.

- Planen vår er å få det ut før jul, slik at vi kunne gi ei form for julegåve til innbyggjarane. Men eg håper at dei tilgjev oss at vi brukar ei veke eller to ut i det nye året. Det er iallefall sikkert at det blir ein ny start i 2010.