Hopp til innhold

No skal fartssyndarane til pers

I løpet av året får E16 gjennom Lærdalstunnelen snittmåling på fart. Og det kan reduserer ulykkesrisikoen med 35 prosent.

Lærdalstunnelen - fjellhall

EINASTE I FYLKET: Førebels blir E16 gjennom Lærdalstunnelen den einaste staden i Sogn og Fjordane med snittmåling av fart.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Dermed er det slutt på fartssyndarar som køyrer tyl mellom målepunkta for å unngå å bli tekne for fartsoverskridinig.

Ein av åtte strekningar i landet

Lærdalstunnelen er ein av åtte strekningar i landet som innan 2011 skal ha snittmåling for fart, såkalla streknings-ATK. Om få år kan over 40 strekningar ha denne type måling.

– Eg har ikkje nøyaktig tidspunkt for når vi har utstyret på plass, men det skal vere oppe og gå i løpet av 2011, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Magna Vangsnes.

Nyttar fotoboksane som er der i dag

Per i dag har Lærdalstunnelen tre målepunkt. Desse vil bli nytta når det skal installerast strekningsmåling i tunnelen.
– Når vi skal gå over frå punktvis måling til strekningsvis måling, er det ein del tekniske løysingar som må på plass, seier Vangsnes.

Meir effektiv metode

Det skal vere mellom to og ti kilometer mellom målepunkta, og fartsgrensa på strekninga må vere lik.

– Snittmåling er ein meir effektiv måte å halde farten på eit lovleg nivå på. Då unngår ein at lokalkjende bilførarar tilpassar farten til målepunkta, seier Vangsnes.

Får ikkje i pose og sekk

Men fotoboksane kan ikkje gjere dobbel jobb. Dermed ryk den punktvise målinga.
– Det er rett. Fotoboksane kan ikkje gjere begge deler, seier Vangsnes.

Ulykkesrisikoen går merkbart ned

Statens vegvesen har tidlegare evaluert tre vegstrekningar med automatisk måling av snittfart. Denne evalueringa syner redusert ulykkesrisiko med opptil 35 prosent.

Vangsnes legg til at dette er ei ganske ny form for måling, som har vore prøvd ut på forskjellige plassar for å dokumentere at det har ein effekt. Stort sett vert denne type måling gjort på vanlege vegstrekningar med høg fart og stor trafikk.

– Ulykker får enorme konsekvensar

I så måte er skil Lærdalstunnelen seg litt ut, sidan det er ein tunnel. Men også fleire tunnelar er med i prosjektet.

– Lærdalstunnelen er valt ut fordi det er ei spesielt lang tunnel. Konsekvensane av ulykker i tunnel kan bli ekstra store, difor set ein inn store ressursar på fartsreduserande tiltak, seier Vangsnes.

Høge einskildmålingar

Målingar i Lærdalstunnelen syner ein snittfart på 82 kilometer, noko som ikkje er så høgt, med tanke på at fartsgrensa i tunnelen er 80 kilometer i timen. Men frå tid til annan har det vore målt svært høg fart i tunnelen, opp imot 200 kilometer i timen.

– Eg klarar ikkje på ståande fot å gje deg nøyaktige tal, men det har vore køyrt ganske fort der, seier Vangsnes.

Lærdalstunnelen, som går mellom Aurland og Lærdal i Sogn og Fjordane og vart opna i 2000, er med sine 24,5 kilometer, blant dei lengste vegtunnelane i verda.

Prioriterer tunnelar

Avdelingsdirektør Guro Ranes ved trafikksikkerhetsseksjonen i Vegdirektoratet stadfestar at tunnelar er ein god plass for snittmåling.

– Vi har sett særleg på tunnelar så langt. Dei ligg lengst fram i løypa, også sidan det er umogleg for politiet å ha fartskontrollar i tunnelar, seier Ranes til aftenposten.no.

Om få år kan det vere over 40 strekningar med slik måling.