Hopp til innhold

Slik såg det ut då lynet slo ned i pipa: – Eg høyrde berre «BANG»

Det vart ikkje brann eller personskade då lynet slo ned i pipa. Men glaset under omnen gjekk i tusen knas.

Lynnedslag Bønes

LYN: Lynet slo ned i pipa og knuste glaset mellom peis og golv.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Den elles så fredelege sundagen tok ein sjokkerande vending då lynet slo ned i pipa til familien på Bønes i Bergen.

– Eg skvatt, seier Erik Nilsson Sætveit til NRK. Han sat i kjellaren då lynet slo ned i pipa på huset.

Nilson Sætveit legg til at han er relativt skvetten i utgangspunktet.

– Eg høyrde berre eit «BANG», også kom jo det der lynnedslaget, seier 13-åringen.

Han beskriv lyden som ganske lik ein «flashbang» frå spelet Call of Duty.

Erik Nilson Sætveit

Erik Nilsson Sætveit skvatt då lynet slo ned i huset.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Sprinta ut av huset

Å bli verande inne i huset var ikkje eit alternativ for Erik.

– Som den personen eg er, valde eg sjølvsagt å sprinta ut av huset, for eg hadde ikkje tenkt å bli brent.

Han slapp med skrekken, for sjølv om det lukta svidd, var det ingen teikn til branntilløp i huset.

Erik sprinta så ut for å sjå om det gjekk bra med syskena sine.

Dei oppdaga at straumen var gått, og tok ut alle stikkontaktar.

Då det lukta svidd i huset, tok Erik eit brannsløkkingsapparat, og dei tre syskena gjekk rundt i huset for å sjekka om det hadde oppstått brann. Då oppdaga dei at glaset under peisen var knust.

Ingen kom til skade

Mor og far i huset var på Hageland då lynet slo ned i huset.

Faren i huset, Jonatan Nilsson, ringde brannvesenet og reiste heim i det ungane ringde.

Lynnedslag Bønes

Brannvesenet undersøkte stova med varmesøkjande kamera.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Hadde du sett føre deg at noko sånt kunne skje her?

– Eg har høyrt om andre som har fått lynnedslag i huset på Bønes, men eg hadde ikkje forventa at det skulle skje i mitt hus, seier Nilsson.

Det var mykje knust glas i stova, og det lukta svidd. Dei lufta så mykje det lét seg gjera.

Brannvesenet var raskt på staden, og søkte gjennom huset.

– Me har sjekka temperaturen i huset, men det har ikkje blitt målt høge temperaturar, seier vaktkommandør ved 110 Vest, Jan Ove Haga.

Det var mykje styrtregn på vestlandet seint laurdag og tidleg sundag, og det var meldt torevêr.

Ifølge metereologisk institutt var det 109 lynnedslag i gamle Hordaland på sundag. Dette er det einaste som er registrert å ha slått ned i eit hus.

NRK rettar: I den første versjonen av denne saka sto det at det var glaset i peisen som var knust i lynnedslaget. Det riktige er at det er glaset under peisen som var knust. Dette blei retta 24.08.22 klokka 13.22.

Les også Lynet slo ned hos Julie (82): – Jeg følte at veggene skulle dette ned

Julie Christensen i Arendal fikk lynet gjennom taket.