Hopp til innhold

Slik reagerer folket på fødenedlegging

Innbyggjarane i Sogn og Fjordane reagerer kraftig på sjukehusvedtaket som regjeringa gjorde i går.

Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus

REAKSJONAR: Det blir endringar i fødetilbodet både i Lærdal og på Nordfjordeid.

Foto: NRK

I går bestemte regjeringa seg for å leggje ned fødeavdelinga på Nordfjordeid, og erstatte den med ei jordmorstyrt fødestove.

Fødeavdelinga på Nordfjordeid blir slått saman med fødeavdelinga i Volda for å skape eit robust fagmiljø, ifølgje helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap).

Det blir også kutta ved den forsterka fødestova i Lærdal. Her blir gynekologstillingane fjerna. Lærdal står i fare for å miste heile fødetilbodet dersom dei ikkje klarar å rekruttere jordmødre lokalt.

Lyttarane og lesarane til NRK Sogn og Fjordane har sendt inn tekstmeldingar med kodeord SF til 1987, skrive epostar og lagt igjen kommentarar i artiklane som er publiserte på NRK.no.

Slik reagerer folket:

Else Tystad: «No må de seie på radioen at dette er ein Aprilspøk før eg og mange med meg eksploderar ;-( Denne var for drøy det kan ikkje vere sant.»

Eva Britt Pedersen: «det er skuffande at dei kan gjerde noko sånt.kva med folk på kysten då som må reise langt for å føde.»

Jonny Svoren: «Eg er jupt skuffa og vonbråten over helsepolitikken i dette rike landet.»

Margreta Navelsaker: «Dette er så trist at det går nesten ikkje an å tru det er sant. Dette er ei nedlegging. Og ingen får kortare veg t fødeavd uansett kva S. Eriksen seier.»

Janne Endal Andersson: «Då har AP, SV og SP satt oss 75 år tilbake i tid og starta ei systematisk distriktsnedbygging: Det er ein sterk symbolikk i at Nordfjord Sjukehus faktisk vart sjenka som ei gåve til folket i Nordfjord for 75 år sidan fordi liv gjekk tapt: "William Henry Singer jr. i Olden finansierte det meste av Nordfjord sjukehus. Singer ble engasjert i helsestellet i distriktet da en av vennene hans i Olden, hotelleieren Sivert W. Yri måtte sendest helt til Bergen med en livstruende blindtarmbetennelse og døde på veien dit" (Wikipedia).»

nifgad: «Dette var siste spikaren i kista til Ap her i distriktet,pampane som har trodd at skitt og, nokre tillitsvalgte og medlemmer som melder seg ut ka betyr vel det, men når velgarane har talt trur eg dei ser det, alt for seint.Dette er synd for sosialdemokratiet, spesielt når en ser at både FRP og Høgre toner samme flagg sentralt.Beklager Jens men du har kjørt skuta på land, er redd dt minker på di skippertid. »