Hopp til innhold

- Tunnelane må utvidast

Dei tre tunnelane på riksveg 15 over Strynefjellet må bli utvida snarast, meiner brannsjefen i Stryn.

Inngangen til Ospelitunnelen på Strynefjellet
Foto: Ottar Starheim / NRK

Brannsjef Jarle Dragesæt er redd for at skadeomfanget skal bli katastrofalt dersom det skulle skje ei ulukke med brann i ein av dei smale tunnelane.

Trange og låge

- Hovudproblemet er at tunnelane er bygde for trange og låge, sjølv med den standarden som var då dei vart bygde på 1970-talet, i tillegg ligg dei langt frå folkeskikken, med lang utrykkingstid når noko skjer.

- Eg har bede Statens Vegvesen gjere noko med breidda på tunnelane, for å førebyggje ulukker er det viktigaste.

Ti bussar i fylgje

Når turistar frå cruiseskipa i Olden skal på rundtur køyrer ofte ti bussar i fylgje gjennom dei tre tunnelane. Skrekkscenarioet til brannsjefen er at ein av bussane skal kollidere med eit vogntog inne i ein av tunnelane med påfølgjande brann.

- Bilane er ikkje blitt mindre med åra, mange vogntog er så høge at dei ikkje kan utnytte vegbreidda, og det er nesten ikkje passering når store køyrety møtest. Det har skjedd nestenulukker. Skulle det skje noko med åtte-ti bussar fulle med folk inne i tunnelane kan iallfall ikkje vi gjere noko frå eller til.

- Vegvesenet vedgår ikkje manglane

- Vegvesenet ventar at vi som brannvesen skal rykke ut og gjere ein jobb når det skjer noko, men det har vore vanskeleg å få dei til å vedgå dei manglane som er ved tunnelane. Det har ikkje skjedd så mykje med dette sidan eg tok til med det for åtte år sidan.

- Ja, kva synest du om det?

- Fortvilande

- Det er litt fortvilande, vi har plikt til å føre tilsyn der og meine noko om det. Men Vegvesenet høyrer til ein anna etat, eit anna direktorat, og dei vil helst finne på det sjølv om dei skal gjere noko, og den mentaliteten har vi opplevd dei siste åra.

- Urealistisk å stenge tunnelane

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap er ifylgje Fjordingen så lite nøgd med tilstanden i tunnelane at dei meiner brannsjefen bør truge med sanksjonar. Men brannsjefen seier det ikkje er så mykje dei kan gjere. Dei sanksjonane dei har mot Statens Vegvesen er dagbøter og eventuell stenging av tunnelane. Men brannsjef Dragesæt ser ikkje stenging som realistisk.

- Det vil få så store samfunnsmessige konsekvensar at det ikkje er til å tenkje på, det blir heilt feil at ein liten kommunal brannsjef skal gjere det. Det er utenkeleg i dag, iallfall.

- Finst ikkje pengar

Statens Vegvesen er i gang med å planlegge utviding av tunnelane på Strynefjellet, men det er ikkje pengar til dette arbeidet no, seier seksjonsleiar Arnfinn Båtevik.