Hopp til innhold

Slik kan ei bru på Kystvegen bli

Styret i Kystvegen Måløy – Florø har fått utarbeidd tre forslag til bru i ytre Nordfjord. Alle skissene har ein prislapp på ca. 2,4 milliardar kroner.

Forslag til bru mellom Vågsøy og Bremanger på Kystvegen

BRU MED GANGVEG: Styret i Kystvegen Måløy – Florø meiner det er meir framtidsretta med ei bru enn ferje på den planlagde 45-minuttsregionen mellom dei to kystbyane.

Foto: Ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen

Randi Humborstad

Prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er det rådgivande ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen som har lagt fram tre bruløysingar mellom Tongane på Rugsundøy i Bremanger til Biskjelneset i Vågsøy kommune i nord.

Prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad i Kystvegen Måløy Florø seier det betyr mykje for prosjektet å få på plass desse forslaga på den planlagde 45-minuttsregionen mellom Vågsøy og Florø.

Det eine alternativet er ei hengebru med spennvidd på 860 meter, eventuelt 980 meter. Eit anna alternativ er ei skråkabelbru med spennvidd på 860 meter, seier ho til NRK.no.

Meiner staden er eigna for bru

Humborstad seier det er gode forhold i sjøen for å byggje fundament og det er ingen hus som står der landsfesta kjem.

– Det er også kort tilknyting til hovudvegen på begge sider av brua. Dette er ein godt eigna stad for å byggje ei bru.

Styreleiar i Kystvegen Ålesund-Bergen og ordførar i Flora kommune, Bengt Solheim-Olsen, seier ei bru i ytre Nordfjord utan tvil vil vere det viktigaste bruprosjektet nokon gong i Sogn og Fjordane.

– På denne måten vil man ikkje berre knytte dei to næringslivsbyane Måløy og Florø, men også kommunane Bremanger, Vågsøy og Selje samt resten av Sunnfjordkommunane saman til eit felles bu- og arbeidsområde, seier han i ei pressemelding.

Forslag til hengebru mellom Bemanger og Vågsøy på Kystvegen

HENGEBRU: Det er to forslag om hengebru, det eine med eit spenn på 860 meter, det andre med 980 meter.

Foto: Skisse: Ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen

Vil koste om lag det same

Det er ingen vesentlege skilnader i kostnadane på dei tre alternativa og totalsummen ligg på 2,4 milliardar kroner inkludert moms. Styret i Kystvegen Måløy–Florø skal no sjå på alternativ til finansiering.

– Vi skal sjå nærare på brukarfinansiering, ferjeavløysingsmidlar og momsrefusjon, seier prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad.

Kystvegen Måløy–Florø kom inn på den regionale trafikkplanen som blei vedteken på fylkestinget i desember.

– Fylkestinget sette opp tunnelen mellom Svelgen og Indrehus på førsteplass på marginallista. Når det gjeld forslaget om kryssing av fjorden med bru mellom Bremanger og Vågsøy, kom det litt i siste time. Men vi meiner det er meir framtidsretta med bru enn ferje, seier ho.

Skråkabelbru mellom Bemanger og Vågsøy på Kystvegen

SKRÅKABELBRU: Eit alternativ til hengebru er ei skråkabelbru med spennvidd på 860 meter.

Foto: Ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen
Skråkabelbru mellom Bremanger og Vågsøy på Kystvegen

SKRÅKABELBRU: Her er ei skråkabelbru teikna inn mellom brua mellom Tongane på Rugsundøy i Bremanger og Biskjelneset i Vågsøy kommune.

Foto: Skisse: Ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen