Hopp til innhold

Veglobbyistar fekk vise seg fram for samferdsleministeren på Frp-årsmøtet

For første gong held Frp fylkesårsmøte som regjeringsparti, med samferdselsministeren som heidersgjest. Han fekk høyre kor enormt behov det er for meir veg i fylket.

Ketil Solvik Olsen og Frank Willy Djuvik

MINISTEREN: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen og fylkesleiar Frank Willy Djuvik på fylkesårsmøtet til Frp i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er viktig å komme med tydelege politiske signal om kva som er viktig framover, seier fylkesleiar Frank Willy Djuvik.

Kåre Lerum

JOBBAR FOR BETRE VEGAR: Kåre Lerum fortalde om prosjektet vegpakke 2 i Sogn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Denne helga er det fylkesårsmøte til Framstegspartiet i Sogn og Fjordane. Årsmøtet blir halde i Florø og det heile starta med eit samferdslepolitisk seminar der samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) var til stades.

Kåre Lerum, som også er Frp-medlem, var invitert for å snakke om vegpakke 2 i Sogn.

– Den pakken består av tre tunnelar med tilstøytande vegar. Det dreier seg om Vikafjellstunnelen, Sognefjellstunnelen og ein tunnel som skal gå til Årdal. Eg har fortalt årsmøtet og statsråden om dette prosjektet i dag, seier han.

– Vi må tenkje langsiktig

Vikafjellstunnelen er inne på Nasjonal Transportplan i andre periode. Målet er å få flytte den fram til første periode.

– Når Vikafjellstunnelen er på plass, trur eg dei andre kjem av seg sjølv, seier han.

Den tidlegare konsernsjefen for Lerum fabrikkar, er oppteken av å få gode vegar. Han sette pris på å få treffe statsråden.

– Vi snakka om korleis vegstyresmaktene skal byggje vegar og tunnelar. Det er viktig at dei tenkjer langt fram og ikkje er pessimistiske med tanke på trafikktal. Vi må byggje for framtida, så slepp vi å ta att alle tunnelar etter fem år, seier han.

Djuvik: Viktig å presentere prosjekta

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik seier dagen i dag er historisk sidan det er første fylkesårsmøte der partiet er i regjering. Han set stor pris på at samferdsleministeren har kome til Florø.

– Det som blir sagt og gjort blir høyrt direkte av regjeringa. Dette er ein heilt ny situasjon for oss. Saker som kjem fram her, kan bli gjeldande politikk for Norge.

Årsaka til at dei har invitert forskjellige veglobbyistar til Florø i dag, er også for å auke kunnskapen mellom deira eigne delegatar.

– Dei får lære seg om vegprosjekta i Sogn og Fjordane, samstundes at prosjekta blir presenterte for regjeringa. Det er viktig å komme med tydelege politiske signal om kva som er viktig framover, seier Djuvik.

Trur på pengar til Kystvegen

Eivind Hjellum

BETRE VEG LANGS KYSTEN: Eivind Hjellum i Kystvegen fortalde statsråden kvifor dette prosjektet er viktig.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Randi Humborstad

SKIPSTUNNEL: Prosjektleiar Randi Humborstad i Stad skipstunnel fekk lagt fram deira planer i dag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Eit av dei andre prosjekta som blei presentert i dag, er prosjekt Kystvegen. Eivind Hjellum tykkjer det er verdifullt at statsråden var til stades.

– Statsråden er nøkkelen, så det var viktig å snakke med han i dag. Eg har store forhåpningar til den nye regjeringa, for dei har gått høgt på bana for å få fart i vegbygginga. Vi har tru på konkrete løyvingar når det gjeld Kystvegen, seier Hjellum i Kystvegen.

Fekk presentere skipstunnelen

Prosjektleiar Randi Humborstad i Stad skipstunnel fekk lagt fram deira planer for fylkesårsmøte og statsråden.

– Stad skipstunnel ligg allereie under samferdsledepartement og på bordet til ministeren. Men det er viktig å komme tett på dei som tek avgjerder og her er ministeren viktigast.

Det er sett av pengar til skipstunnelen i andre periode i Nasjonal transportplan. Humborstad seier dei har store forhåpningar til Frp.

– Partiet var offensive då dei var i opposisjon og har merknader i NTP om at dei ønskjer skipstunnelen. Vi har som ambisjon å starte bygginga i 2016. Totalkostnaden er 1,6 milliardar, det er ikkje mykje for eit så stort prosjekt som er så viktig for tryggleiken, seier ho.

Fylkesårsmøte i Frp

ÅRSMØTET: Fylkesårsmøte til Framstegspartiet går av stabelen i Florø i helga.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK