FØRE VAR: Jan Ivar Engebretsen seier det er lurt på å sjekke tilstanden på bilen før du legg ut på bilferie.
Foto: NAF– Du må vere trygg på at bilen er i teknisk god stand, seier Jan Ivar Engebretsen, som er kommunikasjonsrådgjevar i NAF.
Mest trøbbel med motoren
I ei pressemelding skriv NAF at dei i fjor gav assistanse til 45 280 bilistar. Av dei var det 1845 som trengde hjelp i utlandet. Dei mest vanlege feila er trøbbel med motoren og feil på batteri. På tredjeplass kom punktering.
– Dette viser at det er lurt å sjekke tilstanden på bilen før du legg ut på ferieturen, seier Jan Ivar Engebretsen.
Han kjem med desse gode råda for at turen skal bli best mogleg.
- Ny og fersk motorolje – den smørjer, kjøler og leier bort varme frå bevegelege motordeler.
- God og rett blanda frostvæske er ved hjelp av overtrykket til kjølesystemet, med på å auke kokepunktet opp mot 134 grader.
- Kokepunktet for bremsevæska skal vere min. 155 grader.
- Er registerreima skifta etter skifteintervalla? Brot på registerreima fører til havari i dei fleste motorar.
- Sjekk mønster og lufttrykket i dekka – hugs også reservehjulet
Pakk smart og rett
Det er også viktig å pakke feriebilen smart og sikkert. Den største og tyngste bagasjen skal liggje lågast og så langt framme som mogleg.
– Dette gir lågt tyngdepunkt med betre køyreeigenskapar og bagasjen kjem ikkje i bevegelse ved ein bråstopp. Noko som veg 18 kilo, kjem med eit trykk på 540 kilo ved eit krasj i 50 km/t.
Sjekk alltid kor mykje du kan ha i takboksen og ikkje overskrid denne vekta. Inne i bilen skal det berre vere mjuke ting.
– Sjølv eit lite fotoapparat kan vere katastrofalt å bli treft av ved ein bråstopp, seier han.
- LES OGSÅ:
Sikre born og kjæledyr
Ting som refleksvest, varseltrekant og reservenøkkel er greitt å ha lett tilgjengeleg. Til borna bør du hugse bøker, musikk og eventuelt filmar, Hugs også nok å drikke og å skjerme dei mot ei steikande sol. Kjæledyra skal aldri vere lause i bilen, men må sikrast skikkeleg.
– Det kan vere like stor utfordring med dyr som med barn på biltur. Dei treng god og sikker plassering i bilen, samstundes som det er viktig med pausar, drikke og rett næring seier Engebretsen.
- LES OGSÅ: