Hopp til innhold

Fekk lære om fornybar energi – men usikre på om det blir endring i heimen

VIK (NRK): – Eg kunne vel nemnd det for foreldra mine, men eg veit ikkje om dei hadde teke det til seg, seier ei flirande Janne Tryti.

Maiken Fretheim (t.v.) og Janne Tryti

EIN ANNLEIS SKULEDAG: Maiken Fretheim (til venstre) og Janne Tryti var blant elevane på Flatbygdi skule i Vik som denne veka fekk besøk av Ungt Entreprenørskap.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Gjennom Ungt entreprenørskap får elevar både i grunnskule og vidaregåande skule knyte relasjonar til næringslivet, samt sjå korleis teori og praksis kan utfylle kvarandre.

Tidlegare denne veka fekk elevar ved Flatbygdi skule i Vik sjå nærare på fornybar energi og korleis dei sjølve kan redusere straumbruken i heimen.

Rekna ut straumbruken

Janne Tryti og Maiken Fretheim tok utfordringa om å rekne ut straumbruk på strak arm.

– Vi har rekna ut straumbruken vår, og så har vi gjort ei praktisk oppgåve om parallell- og seriekopling, fortel Janne.

Denne dagen har dei besøk frå både Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane, samt Sognekraft. Elevane tykte det var spennande å lære om fornybar energi.

– Ja, du lærer jo mykje nytt og så er det kjekt at du får gjere noko praktisk, seier Maiken.

– Kjekt å møte elevane

Gro Fjærestad i Sognekraft meiner det var naturleg for dei å vere med.

– Vi i kraftbransjen jobbar jo med fornybar energi, og tykkjer det er veldig kjekt å komme ut til elevane og fortelje om at dei også kan gjere val i høve til energiforbruket sitt, seier ho.

Men trass i at dette gir nyttig lærdom, er Janne og Maiken i tvil om det vil føre til store endringar i heimen.

– Eg kunne vel ha nemnd det, men eg veit ikkje om dei hadde teke det til seg, seier Janne og ler.

Knyt elevar og bedrifter saman

Jørn Helgheim i Ungt Entreprenørskap er blant dei som reiser rundt i fylket året rundt for å halde samlingar for å knyte bedrifter og elevar saman. Også han var til stades i Vik der elevane kopla og rekna og laga kampanje for korleis dei kan endre forbruksmønster på straum.

– Det er veldig kjekt å vere med på. Vi har litt kriterium for kva ein gründercamp skal vere. Det skal mellom anna vere ein kreativ del og det ser du at elevane her. Og så skal det vere aktivitet, altså det skal vere praktisk, og dette er absolutt det, seier Helgheim.

Lærar ved Flatbygdi skule, Anne Mårdalen, er ikkje i tvil om kor nyttig og kjekt dette er for elevane.

– Det er berre positivt å i det heile teke å få andre enn oss lærarar inn i skulen. Og no er vi så heldige at vi har Sognekraft nær skulen, så at dei stiller opp her er supert.