Øvst i saka kan du sjå videoen av korleis det faktisk er å ta seg over den spektakulære hengebrua som no er på plass i fjellsida over Loen i Stryn.
Den luftige Via Ferrata-brua kom opp i sommar og er den lengste Via Ferrata-brua i heile Europa.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Klatreruta Via Ferrata Loen har dermed blitt endå meir freistande for mange turglade. Og kanskje ikkje berre freistande, kanskje også meir skremmande. For det er slett ikkje berre, berre å skulle spankulere ut på brua som går over eit kjempestort juv oppe i fjellsida.
Men mange let seg lokke, også tre venninner frå Bærum. Venninnegjengen kom seg velberga over alle tre, og gledeshyla kunne truleg høyrast langt nede i dalen.
Starten på Via Ferrata ligg på vel 440 meter over havet, og herifrå går ein festa til ein stålwire. For å kome seg til toppen må ein klatre og delvis gå rett opp fjellet til ein kjem opp til 880 m.o.h.
Namnet Via Ferrata kjem eigentleg frå Italia. Under første verdskrig bygde dei ein type jernveg over dei store toppane ein måtte over. Med steg inn i fjellet klarte ein å ta seg over fjella, utan å gjere seg skade opp dei stupbratte fjellsidene.
Hausten 2011 vart det laga til noko liknande i fjellsida i Loen. 850 meter med stålwire er festa langs fjellryggen, slik at folk trygt kan ta seg opp langs berg og steinknausar.