Hopp til innhold

NB: Nyt starten av vinterferien - det strålande vêret går fort over!

Vi får ein pangstart på vinterferien - og den bør du passe på å nyte til det fulle.

sol
Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

– Eg trur absolutt vi får nokre fine dagar i starten på vinterferien, seier statsmeteorolog Tone Kristin Taule.

Ho har sett på vêret for dei kommane dagane, og har gledelege nyhende for vestlendingar som er lei av regn og mildvêr. For medan fredagen ser ut for å bli grå og trist, er det venta at vêret skal vise seg frå si beste side allereie laurdag.

– Kjekt at finvêret endeleg klaffar med helg

– Utpå føremiddagen vil nedbøren gi seg, og det vil bli mindre skydekke på himmelen utover dagen. Då vil det også vere litt varme når sola kjem opp på himmelen. Det blir nok veldig fint, seier Taule.

– Laurdag og søndag blir to fine dagar med mykje sol. Det er kjekt at finvêret endeleg klaffar med ei helg, seier statsmeteorolog Mette Skjerdal til yr.no.

Grunnen til finvêret er at vinden skal blåse frå søraust. Då ligg Vestlandet i le.

Vêrvarsel for Førde

DØME: Slik blir vêret i Førde - midt i fylket - dei næraste dagane.

Foto: Skjermdump frå yr.no

... men slutten av ferien blir trist og grå

Men du bør passe på å nyte finvêret, for det vil ikkje vare lenge.

– Første del av veka vil bli best. Søndag og måndag blir det lite skyer og ingen nedbør. Men frå tysdag blir det ny lågtrykksaktivitet og ei tydeleg omlegging i vêret frå måndag til tysdag, seier Taule.

Frå tysdag og ut vinterferien er det venta mildvêr og større mengder nedbør.