Ved å merke bileta dine med #nrksf på Instagram får dei plass på kartet vårt.
NRK Sogn og Fjordane ønskjer oss flotte bilete, både ute og inne. Vi vil veldig gjerne sjå kva du gjer på i dette flotte fylket vårt, så del gjerne med oss. Vis oss kvar du er, kva du held på med, vakker natur, korleis vêret er eller spennande ting du kjem over.
- Nedst i artikkelen finn du alle bileta. Klikkar du på eitt av dei, kan du bla gjennom heile galleriet.
For å få med biletet på kartet til NRK Sogn og Fjordane, må du gi beskjed om kvar i fylket du er. Blir ikkje bileta geotagga, hamnar dei berre i biletstraumen under her og ikkje på sjølve kartet. Her kan du lese korleis du legg bileta på kartet vårt.
Ved å bruke emnemerket #nrksf godkjenner du at NRK kan publisere bildet i ei kvar redaksjonell samanheng på TV og nett. Du må stå inne for at dei som er avbilda har godkjent bruken. Sjå meir informasjon om retningslinjer i faktaboksen til høgre.