Hopp til innhold

Varslar snø heilt ned i «fjøresteinane»

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for snø i Sogn og Fjordane frå klokka 22 i kveld og eit døger framover. Det kan kome 5-20 cm på 24 timar, meir i fjellet. – Det vil kome snø langt ned, sjølv om det i låglandet og på kysten mest truleg vil vere sludd og regn, seier meteorolog Anne Solveig Andersen. Etter kvart vil vinden snu mot nordvest og vi får bygevêr. – Enkelte vil nok også kunne oppleve snø sundag også, seier Andersen.

Anne Solveig Andersen
Foto: Marit Hommedal