Hopp til innhold

Slår alarm etter fleire dødsulukker

Norsk Arbeidsmandsforbund slår alarm etter fleire dødsulukker i anleggsbransjen den siste tida. Dei vil vite om ulukkene kan skuldast pris- og tidspress.

Utanfor tunnelen

MISTE LIVET: Ein 25 år gamal mann miste livet etter at dumparen han køyrde hamna i fjorden ved Eikenes i Askvoll måndag. Norsk Arbeidsmandforbund slår alarm etter fleire dødsulukker i anleggsbransjen den siste tida.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Den 25 år gamle mannen som vart funnen omkomen i Dalsfjorden i Askvoll onsdag, er den andre arbeidaren som har omkome etter ulukker i anleggsbransjen på berre nokre månader i Sogn og Fjordane.

Erna Hagensen

UROA: Erna Hagensen i Norsk Arbeidsmandsforbund vil ha eit møte med arbeidsgjevarane og Vegvesenet.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Norsk Arbeidsmandsforbund reagerer på ulukkene i anleggsbransjen og vil no kalle arbeidsgjevarar og Statens vegvesen inn til samtalar.

Forbundsleiar Erna Hagensen meiner det er på høg tid at ein diskuterer kor vidt stort pris- og tidspress kan vere ei av årsakene til dei tragiske hendingane.

– Det er veldig kritisk når vi får så mange dødsulukker på kort tid, seier ho til NRK.no.

Funnen på 66 meters djupne

Tilsette på anleggsområdet ved Dalsfjorden i Askvoll slo måndag kveld alarm. Ein kollega av dei, ein dumparførar, var blitt vekke.

Ingen hadde sett sjølve ulukka, men det vart fort klart at dumparen hadde gått i fjorden. Ein sette raskt i gang søk etter mannen, både med dykkarar og miniubåt.

Først dagen etter vart dumparen funnen på 230 meters djupne, før den 25 år gamle mannen frå Ørsta vart funnen omkomen tidleg onsdag morgon.

– Vi har ikkje råd til å miste nokon

Erna Hagensen som er forbundsleiar i Norsk Arbeidsmandsforbund meiner noko no må gjerast for å unngå fleire slike tragiske hendingar.

Berre sidan i sommar har det vore fleire dødsulukker i anleggsbransjen, mellom anna ulukka på Filefjell i november, der ein 20 år gamal mann omkom. Mannen var førar av ein dumpar som hamna i ei elv.

I Trøndelag omkom ein gravemaskinførar etter at maskina hans hamna i Rungstadvatnet i november, medan ein mann omkom etter at han vart overkøyrt av ein dumpar uner anleggsarbeid i Kristiansand i juni.

– Det er alt for mange, vi har ikkje råd til å miste nokon, understrekar Hagensen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sakna dumperførar funnen på E16.

HAMNA I ELV: Ein 20 år gamal mann døydde av skadene han fekk då dumparen han køyrde hamna i ei elv på E16 Filefjell i november.

Foto: Privat

Redd pris tvingar bedriftene til å ta sjansar

På møtet med arbeidsgjevarane og Vegvesenet vil Arbeidsmandsforbundet diskutere mellom anna pris og tidspress.

– Vi veit at når det dei seinare åra har vore anbod, så er det veldig fokus på dette med pris. Vi veit også at når det er pris som skal telje mest, så tek bedriftene veldig mange innersvingar, seier Hagensen til NRK.no.

Ho meiner det er avgjerande at bedriftene innan anleggsbransjen har fokus på helse-, miljø og sikkerheit (HMS) og god opplæring av nytilsette.

– Om ein ikkje prioriterer helse-, miljø og sikkerheit og opplæring, fordi ein skal gjere jobben så fort, så set ein liv og helse i fare.

Ho understrekar at mange allereie har jobba godt med begge desse faktorane, men at forbundet ser at det er krevjande.

– Vi ser no ei utvikling der konkurransen blir så stor, også frå utanlandske selskap, og når prisen blir det avgjerande så taper ofte dei bedriftene som har jobba mykje med HMS og opplæring, seier Hagensen.

– Eit fornuftig tiltak

Cato Aurstad i KA Aurstad AS er sjefen til den unge mannen som vart funnen omkomen etter dumparulukka i Dalsfjorden. Han helsar initiativet frå Arbeidsmandsforbundet om eit møte mellom arbeidsgjevarane og Statens vegvesen velkommen.

For han har det vore nokre svært tunge dagar, og han vil bidra med det han kan for at slike ting ikkje skjer igjen.

– I utgangspunktet høyrest dette ut som eit fornuftig tiltak, at ein kan setje seg ned og diskutere og sjå om det er ting som kan gjerast på andre måtar, seier han til NRK.no.

Store skilnader i anboda

Aurstad fortel at det er store skilnader på anbodsgrunnlaga han og andre entreprenørar kjempar om å sikre seg.

– Anbodsgrunnlaget varierer frå byggherre til byggherre, frå region til region og kommune til kommune. Enkelte har veldig gode HMS-rutinar, og andre har veldig dårlege, seier han.

– I dei som er dårlege er risikoen ofte ikkje identifisert.

– Når ein byrjar jobben ser ein ting som burde vore gjort på ein annan måte, ein ser risikomoment som ikkje har vore identifisert. Ofte vil ikkje byggherren betale for dette fordi dei meiner entreprenøren burde ha forstått at slike farar kan oppstå, seier Aurstad til NRK.no.