Hopp til innhold

Slaktar næringsutviklinga i fylket

Ingen andre fylker i landet har lågare vekst i talet på arbeidsplassar enn Sogn og Fjordane. Telemarksforsking slaktar utviklinga i ein ny rapport.

Hanna Storm

FEIL STRATEGI: Forskar Hanna Storm seier næringsstrategien i fylket har slått heilt feil ut.

Foto: NRK

Dei meiner at feilslått satsing på landbruk og industri er årsaka.

– Ei satsing på Flora, Førde, Eid og Sogndal må til for å lykkast, seier Hanna Storm ved Telemarksforsking.

Livsverket er borte

På Straumsnes i Fjaler ligg ein mørklagd skifabrikk og vitnar om at livsverket til familien til Arnulf Åsnes er borte. Den våte snøen ligg tjukk utan eit einaste fotspor.

– Det er blitt ei rotetomt med gammalt skrot. Det forfell fort, sjølv om huset er i bra stand, seier han.

(Artikkelen held fram)

Arnulf Åsnes

ØNSKJER NY GIV: Arnulf Åsnes håper at det kan blomstre i bygda også framover.

Foto: Simon Solheim / NRK

Uheldig struktur

Tusenvis av ski vart produsert her. Men skifabrikken i Fjaler har blitt eit av mange eksempel på ei mislykka utvikling i Sogn og Fjordane. Ifølgje Hanna Storm har næringsstrategien i fylket har slått heilt feil ut

– Det er ein uheldig bransjestruktur i Sogn og Fjordane, med mange arbeidsplassar innan sektorar som industri og primærnæringar. Dette er sektorer som vi på landsbasis ser har nedgang. Det er naturleg at sidan fylket har denne bransjestrukturen, så vil ein oppleve ein nedgang i arbeidsplassar.

Nedgang

Medan veksten i talet på arbeidsplassar i landet har auka med 10 prosent sidan år 2000, har det vore ein nedgang i Sogn og Fjordane. Men det er ikkje berre satsinga på landbruk og industri med raude tal som er feilslått. Forskaren trur ei satsing på på nokre område må til for å lukkast.

– Dei regionane som har ei god befolkningsutvikling, har også ofte vekst i næringslivet. Dette heng tett saman.

Håper på ny giv

På ned falleferdige fabrikktomta i Fjaler håpar den tidlegare fabrikkeigaren på ny giv i bygda.

– Eg håper det skal blomstre her. Aller helst ønskjer eg at vi skal lage ski, men den tida er antakeleg forbi, seier Åsnes.