Hopp til innhold

Dystre spådommar for folketalet

Dei neste 20 åra vil folketalet gå ned i halvparten av kommunane i fylket. Askvollrådmannen fortvilar ikkje - har har store forhåpningar til Dalsfjordbrua.

Dalsfjordbrua

ER BRUA REDNINGA?: Askvoll-rådmannen har kloketru på at folk vil flytte til Askvoll i framtida.

Foto: Teikning: Statens vegvesen

Det er Bergens Tidende som har sett på tal frå Statistisk sentralbyrå over folketalet i 2030.

I 2030 vil det vere 1905 fleire innbyggjarar i Sogn og Fjordane enn det er i dag. Ser ein på tala for heile landet vil auken vere på ein million.

Framskrivinga til byrået viser ein auke i folketalet i 13 kommunar i fylket, medan dei 13 andre viser ein tilbakegang. (sjå tabellen under).

15 000 i Førde

Nils Gjerland

IKKJE OVERRASKA: Førde-ordførar Nils Gjerland seier dei planlegg med ein solid vekst.

Foto: NRK

Det er Førde kommune som kan gle seg aller mest, med heile 3 000 nye innbyggjarar. Får SSB rett, vil Førde ha over 15 000 innbyggjarar i 2030.

– Dette er sjølvsagt hyggelege tal, men ikkje overraskande. Når vi planlegg for framtida, har vi lagt til grunn ein solid vekst, seier ordførar Nils Gjerland til NRK.

Det gjeld både arbeidsplassar, bustadar og kommunale tenester.

– Vi må leggje til rette for framtida og gjere Førde til ein kommuen der folk vil bu.

– Har nok ikkje høyrt om brua

I motsett ende av lista finn vi Askvoll som i dag har 3000 innbyggjarar. Prognosen for 2030 viser ein tilbakegang på 626 personar. Det er ein nedgang på 20,87 prosent og vil seie at kommunen mistar kvar femte innbyggjar.

Rådmann Svein Festervoll seier til NRK at han ikkje trur på desse tala.

– Vi trur heller at utviklinga vil vere motsett, for eg tvilar på at SSB har høyrt om den nye brua som kjem i 2013.

Klokkartru på framtida

Askvoll frå lufta

LOKKAR MED SJØEN: Rådmannen i Askvoll trur at folk vil flytte til havet og lyset.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Han trur at Dalsfjordsambandet vil gjere til at innbyggjartalet vil auke i åra framover.

– Vi får ein ny kommunikasjon i framtida. Eg veit at folk vil til lyset og havet, så eg har klokkartru på at det går rett veg i framtida. Reisetida til Førde ved å køyre via Dale, vil gå ned og vegen vil bli betre enn den vi har i dag. I tillegg får vi mykje kortare veg til flyplassenn.

Optimist

Rådmannnen trur at dei vil få nye innbyggjarar både frå kommunar i fylket og får dei som har flytta ut.

– Eg er veldig optimistisk, det er vi alle. Vi har starta ei langsiktig arbeid for å leggje tilrette for tomter og for å leggje rammebetingelsar for næringslivet. I tillegg trur vi at mange her vil sjå på Dale som ein arbeidsplass, til dømes innan skulesektoren og dataindustrien.

Endring i innbyggjartalet fram til 2030

Kommune

Innbyggjarar i dag

Endring til 2030

Endring i prosent

Førde

                    12 035

                   3 055

                     25,38

Sogndal

                      7 035

                      749

                     10,65

Jølster

                      2 981

                      204

                       6,84

Flora

                    11 586

                      747

                       6,45

Hornindal

                      1 227

                        77

                       6,28

Stryn

                      6 967

                      422

                       6,06

Gaular

                      2 778

                      141

                       5,08

Eid

                      5 849

                      269

                         4,6

Fjaler

                      2 846

                        84

                       2,95

Solund

                         867

                        19

                       2,19

Lærdal

                      2 194

                        43

                       1,96

Luster

                      4 945

                        62

                       1,25

Årdal

                      5 634

                        24

                       0,43

Naustdal

                      2 675

                       -34

                      -1,27

Gloppen

                      5 696

                     -254

                      -4,46

Leikanger

                      2 182

                     -116

                      -5,32

Gulen

                      2 302

                     -182

                      -7,91

Hyllestad

                      1 502

                     -121

                      -8,06

Balestrand

                       1344

                     -121

                      -9,00

Høyanger

                      4 526

                     -426

                    -10,01

Vågsøy

                      5 996

                     -612

                    -10,21

Bremanger

                      3 908

                     -457

                    -11,69

Vik

                      2 768

                     -374

                    -13,51

Selje

                      2 821

                     -398

                    -14,11

Aurland

                      1 682

                     -270

                    -16,05

Askvoll

                      2 999

                     -626

                    -20,87

Fylket

                  107 080

                   1 905

                       1,47

Kjelde: bt.no/SSB

Ekspander/minimer faktaboks