Skulle drøfte rassikring av vegen - sit innesperra av ras i bygda

Arnstein Menes skulle eigentleg leie møtet i samferdsleutvalet der skredsikring av vegen til Menes var ei av sakene på dagsorden. I staden sit han innesperra, av nettopp eit ras på denne vegen.

Ras sperrar vegen til Menes i Balestrand

RAS: Dette raset sperrar onsdag morgon vegen inn til den vesle bygda Menes i Balestrand.

Foto: Arnstein Menes

– Eg sitje no her og er veldig usikker på korleis eg skal komme meg av garde, seier Menes til NRK.no tidleg onsdag morgon.

Eit stort ras sperrar fylkesveg 152 mellom Ulvestad og Menes i Balestrand. Strekninga er svært rasutsett, og det har blitt lova at vegen skal få rassikring.

Sp-politikaren er oppvaksen i den den vesle bygda ved Sognefjorden, og er blitt vand med at vegen blir stengd av ras. I går skjedde det igjen, og Menes vedgår at det ikkje akkurat kom som ei overrasking.

– Raset som sperrar vegen er ganske stort. Eit anna ras hadde stogga rett i overkant av vegen, fortel Menes.

– Dette har skjedd før også

Onsdag føremiddag skal han etter planen leie et møte i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane. Rassikring av dei to rasfarlege punkta Algøya og Alstokka på vegen til Menes er blant det som skal opp til diskusjon.

– At dette skjer er faktisk ikkje heilt uvanleg for meg. Det har skjedd tidlegare, seier Menes.

I fjor vinter var bygda innesperra i ei heil veke, tre gonger i løpet av vinteren. I tillegg var vegen stengd fleire enkeltståande dagar på grunn av ras. Vegvesenet reknar vegen som blant dei mest rasfarlege fylkesvegane i Sogn og Fjordane og ønskjer å sikre den med eit overbygg.

Menes seier det er utfordrande å bu på ei strekning som er så rasutsett.

– Spesielt kona mi opplever dette som vanskeleg. Ho er ikkje oppvaksen med dette, seier Menes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras sperrar vegen til Menes i Balestrand

UTSETT: Vegen til Menes er rekna som svært rasutsett.

Foto: Arnstein Menes

– Rett å bruke pengar på små vegar

Han har no valt å byggje nytt hus på Menes og satsar fleire millionar på ei framtida i den vesle bygda. Kva rassikring vil koste er det ingen som har noko fullgod oversikt over.

Tidlegare i vinter har diskusjonen gått om det er rett å bruke millionar av kroner på å rassikre vegane inn til små bygder, der det nesten ikkje bur folk. På Menes er dei no åtte personar som er innesperra etter raset som gjekk i går kveld.

– Eg kan skjønne at folk reagerer på at det blir burkt så mykje pengar på så få personar, men mi personlege oppfatning er at det er rett å bruke pengar på å sikre også denne typen vegar, seier Menes.