Hopp til innhold

Ras, rasfare og uvêr stengjer vegar

Ras, rasfare og uvêr. Lista over stengde vegar er lenger enn vanleg onsdag morgon.

Ras stengjer vegen til Menes i Balestrand

SPERRA: Dette raset sperrar vegen til Menes i Balestrand.

Foto: Arnstein Menes

Ved 06.30-tida onsdag morgon var totalt vegar i Sogn og Fjordane stengde på grunn av ras, rasfare og uvêr. E16 over Filefjell var då den einaste opne fjellovergangen aust-vest frå Sogn og Fjordane.

Filefjell var i går kveld stengd av både bilberging og uvêr, men opna for kolonne ca 22.30. Tidleg onsdag morgon opna Vegvesenet vegen for fri ferdsle.

– Betre enn i går kveld

Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Sogn og Fjordane seier situasjonen på vegane har betra seg litt frå tysdag kveld. Då var det i ein lengre periode ikkje ein einaste fjellovergang mellom aust og vest frå Sogn og Fjordane som var open.

– Situasjonen i går vil eg nesten kalle litt kaotisk. Det vart veldig mange telefonar, seier Molvær til NRK.no onsdag morgon.

I Nordfjord er det meldt om lokal stor rasfare, og det er fare for at fleire vegar kan bli stengde utover føremiddagen.

Slik var stoda klokka 12.00:

  • E16 Filefjell – ope for fri ferdsle
  • Riksveg 13 Vikafjellet – stengd grunna oppryddingsarbeid.
  • Riksveg 15 Strynefjellet – opna for fri ferdsle etter å ha vore stengd grunna rasfare
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – kolonnekøyring grunna smal vegbane
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – stengd grunna oppryddingsarbeid
  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal – stengd grunna uvêr
  • Fylkesveg 152 Menes- Ulvastad – opna etter snøras
  • Fylkesveg 664 Fossebakken–Navelsaker–stengd grunna snøras
  • Fylkesveg 723 Bødal-Loen–opna etter snøras

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR HER

Usikkert kor tid vegane opnar

Molvær ved Vegtrafikksentralen sa til NRK tidleg onsdag morgon at det er vanskeleg å seie noko eksakt om kor tid folk kan vente seg at dei stengde vegane opnar att.

Til dømes på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet vil ein ikkje begynne å rydde raset som har gått før det lysnar. Slik er det også dei fleste andre stadane der det har gått ras.

– Eg har også snakka med dei som er på Vikafjellet. Her er det veldig dårleg vêr no i morgontimane, og dei vil nok ikkje klare å rydde vegen før ut på dagen, seier Molvær.

Han oppmodar folk som skal ut på vegane om å vere budde på å bruke litt tid på å komme seg fram.