Hopp til innhold

Ras sperra vegen: - Ikkje uventa

Måndag spøka Arnstein Menes om at han ikkje kom til å kome seg heim på grunn av ras. I dag vart det slik.

Ras stengjer vegen til Menes i Balestrand

SPERRA: Fleire ras stengde tysdag kveld vegen til Menes i Balestrand.

Foto: Arnstein Menes

At det går ras på fylkesveg 152 mellom Menes og Vetlefjorden i Balestrand kjem ikkje som noko overrasking på dei som brukar vegen. Faktisk er dei nær blitt vande med at vegen med ujamne mellomrom er stengd.

– I går spøkte eg med at eg kanskje ikkje kom til å kome meg heim på grunn av ras, og i dag vart det sant, seier Senterparti-politikar Arnstein Menes til NRK.no.

For tysdag ettermiddag kom rasa. Kona og ungane hans var på veg heim til den vesle bygda ved Sognefjorden då dei møtte på rasa. No har familien måtte ta inn hos nokre vener i Vetlefjorden.

– Dette er noko vi har venta på, seier Menes som også er leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane.

Innesperra i fleire veker

Menes er blant dei små bygdene i Sogn og Fjordane som ofte vert råka når det går ras langs vegane. I fjor vinter var bygda innesperra i ei heil veke, tre gonger i løpet av vinteren. I tillegg var vegen stengd fleire enkeltståande dagar på grunn av ras, fortel Menes.

– Eg er på ein måte blitt herda, sidan eg er oppvaksen på Menes. Men for kona mi er det tøffare, og det er ei belastning å bruke ein slik veg, spesielt no etter at vi fekk born, seier samferdslepolitikaren.

På Statens vegvesen si siste liste over vegar dei meiner bør prioriterast når det kjem til rassikring kjem fylkesvegen til Menes som nummer tre på lista.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras stengjer vegen til Menes i Balestrand
Foto: Arnstein Menes

Vil betale folk for å flytte

Truleg vil det gå tid før det kjem pengar, og enkelte politikarar har også teke til orde for at ein ikkje bør bruke pengar på å sikre vegane inn til så små bygder.

Seinast tysdag gjekk Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet ut og sa at han heller vil betale folk for å flytte frå den veglause bygda Otterdal. Etter at uvêret i romjula vaska vekk vegen står dei 13 fastbuande her no utan veg.

No må ein bestemme seg for kor vidt ein skal byggje ein ny veg til bygda, eller om eg skal gjere slik innbyggjarane sjølv vil, bygge ein tunnel. Problemet er berre at ein slik tunnel, som også kommunen ivrar for, vil koste over 200 millionar.

Djuvik meiner då at ein bør sjå på ein anna alternativ.

– Dersom det blir så store kostnader på så få innbyggjarar, så bør vi også vurdere om det skal ytast ein kompensasjon rett og slett for at folk skal få moglegheita til å flytte derifrå, seier Djuvik.

Å betale innbyggjarar i små bygder ein kompensasjon for å flytte har Djuvik også nemnt tidlegare, i samband med at Vegvesenet la fram sine rassikringsplanar.

– Vil spørje Djuvik om kva ungane mine er verdt

Fleire av vegane som kjem høgt oppe på lista over fylkesvegar som er prioriterte for rassikring går inn til små bygder. Navelsakerstranda er øvst på lista, her bur det vel 14 innbyggjarar. Otterdalen er på andreplass, her bur det 13 personar, medan det i Menes som er på tredjeplass bur åtte personar.

Arnstein Menes er på si side heilt usamd med argumentasjonen til Djuvik.

– I den modellen som Vegvesenet brukar når dei vurderer kva vegar dei skal rassikre, så tek dei også omsyn til kor mykje trafikk det er på vegen. Men når vi likevel kjem så høgt opp på lista så er det fordi det går ras her veldig ofte, seier Menes.

Han har lite til overs for utspelet til Frp-politikaren.

– Eg har lyst å spørje han neste gong, kva er ungane mine som må reise denne vegen verdt, seier Menes til NRK.no.