Hopp til innhold

Skulka Tall Ships møte

Rådmannen i Vågsøy, Ørjan Raknes Forthun, deltok på berre seks av 43 møter i hovudkomiteen for Tall Ships Races.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun

Rådmann Ørjan Raknes Forthun

Foto: Håkon Eltvik / NRK

I det avgjerande fjoråret, då sjølve seglskutearrangementet gjekk av stabelen, deltok han på berre to av 12 møter.

– Utruleg

Heilt utruleg, seier Asgeir Solheim, gruppeleiar i Senterpartiet.

– Han burde vore med på desse møta, for dette var eit stort engasjement som involverar mykje økonomi, og han var jo økonomiansvarleg for dette. Så då burde han ha delteke i alle møte, og sett seg inn i at alle kontraktar og slikt var riktig, seier han.

Det er i rapporten frå kommunerevisor Markvard Sunde det kjem fram at rådmannen, som var økonomiansvarleg for heile arrangementet, i stor grad var fråverande frå møta i den viktige hovudkomiteen.

Av i alt 43 møter, deltok Raknes Forthun på berre seks av dei. I 2008, då dei viktige avgjerdene vart tekne, deltok han på berre to møter. Solheim trur underskotet på 15 millionar kroner ville vore lagt lågare dersom rådmannen hadde prioritert Tall Ships Races-førebuingane høgare.

Fekk referat

Rådmann i Vågsøy, Ørjan Raknes Forthun, meiner det ikkje var avgjerande å vere fysisk var på plass på så mange møter.

– Eg var godt informert både i for- og etterkant av møta i hovudkomiteen. Eg var informert og kunne lese møtereferata i etterkant. Så eg ser ikkje at det var avgjerande.

– Arrangementet gikk med 15 millionar, og det har vore kritikk om dårleg økonomistyring. Kunne det gått annleis om du hadde vore med ¨på desse møta ?

– Det trur eg heilt bestemt ikkje.

Opp i kommunestyret

Heile Tall Ships Races-arrangementet skal opp til endeleg handsaming på kommunestyremøtet onsdag.

NRK Sogn og Fjordane overfører heile kommunestyremøtet direkte på våre nettsider.