-Det er frykteleg at dei vil ta kakelinja. Dette er nesten det einaste som gjev skikkeleg inntening ved VS i Førde, seier Hundevebakke.
Han fryktar at Norsk Kjøtt i neste omgang vil legge ned heile VS-avdelinga i Førde, fordi det som blir att av anlegget ikkje gjev god nok inntening.
-Spareplanen som vart lagt fram i dag har høyringsfrist 1.desember. No håpar eg at vestlandsbøndene vaknar, og at dei går i bresjen for å behalde produksjonen vi står i fare for å misse, seier Bjarte Hundvebakke