Det meiner Ole Vindenes som er hovudtillitsvald for dei tilsette ved bergensavdelinga. I følgje Vindenes vil lengre transport føre til kortare haldbarheit på ferskvarene her i fylket.
Flyttinga av ferskvareavdelinga frå Eidsvåg til Stavanger kjem som følgje av at styret i Gilde Vest ynskjer å spare 13 millionar kroner. Flyttinga skal skje innan 2005, og vart gjort kjent på eit allmøte i dag.