Hopp til innhold

I bygda går næringslivet så bra at Klaus må bu på loftet til sjefen

BYRKNES (NRK): Næringslivet i bygda går det så det susar, men mangelen på bustader er så prekær at Klaus Krause i praksis må bu på kontoret.

Klaus Krause.

NAUDLØYSING PÅ LOFTET: Tømrar Klaus Krause har leita etter bustad, men utan å lukkast så langt. Det vesle som er ledig forsvinn med ein gong.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– På ein måte er det fantastisk fordi det er kort arbeidsveg, men på den andre sida vert det kanskje litt for tett på jobb, seier tømraren Klaus Krause.

Han er «offer» for det mange kanskje vil kalle eit luksusproblem. Ei utkantbygd som opplever bustadmangel fordi næringslivet går så det susar.

Han har budd på den vesle øya Byrknesøy, ytst mot storhavet i Gulen sør for Sognefjorden, i 12 år.

– Eg har leita lenge, også i nabobygdene, men eg har ikkje funne noko enno, fortel Krause medan han gjer klar nistepakken i den vesle leilegheita på loftet på hovudkontoret til sjefen.

Stein Inge Larsen.

VIL HA LYS I HUSA: Bedriftseigar Stein Inge Larsen ønskjer tilflyttarar som vert fastbuande i heimbygda hans.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Treng 100 til 150 nye tilsette

I etasjen under sit sjefen hans, bedriftseigar Stein Inge Larsen. Han er medeigar i fleire selskap som samla har ein arbeidsstokk på over 200 personar, der vedlikehald av oljeriggar i den lokale næringsparken er eit av satsingsområda.

– Vi treng 100–150 nye tilsette i framtida, seier Larsen.

Han er fødd og oppvaksen på Byrknes, tettstaden på øya. Han har sett utviklinga frå då «alle» flytta derifrå fordi det ikkje fanst arbeidsplassar. I dag bur det kring 300 menneske på øya og tilgangen på arbeid er god. Svært god.

Rett utanfor kontorvindauget ser han bort på ei anna hjørnesteinsbedrift, Firda Seafood. Her vert oppdrettslaks slakta, pakka og sendt ut i verda. Eigaren, oppdrettsmilliardæren Ola Braanaas, reknar med at berre han åleine må tilsetje kring 40 nye.

– Bustadmangelen i ytre Gulen er prekær. Fleire bedrifter i området har store planar, men i dag har vi ingen tilgjengelege leilegheiter eller hus. Konsekvensen er at vi må hente tilsette frå andre kommunar, seier han.

– Vi ønskjer tilflytting og lys i husa.

Helge Pedersen, rektor ved Byrknes barnehage og skule.

TRENG FOLK: Rektor Helge Pedersen skal tilsetje fem-seks nye medarbeidarar til hausten. Han fryktar det skal verte problem å få tak i kvalifisert arbeidskraft om det ikkje er råd å skaffe dei bustader.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Kommunen må ta ansvar

Han adresserer engasjementet sitt til Gulen kommune. Han krev at det umiddelbart vert sett av areal til hustomter og at kommunen syter for at det vert bygt utleigehusvære til eigne tilsette ved både skulen og bu- og omsorgssenteret.

Ordførar Hallvard Oppedal (Sp) gler seg over utviklinga, og seier at dei alt har gjort mykje.

– Eg meiner vi er på hogget og gjer mykje bra, svarar han til beskjeden frå Larsen.

– Vi må ikkje vinkle dette negativt

Då ein annan utkantkommune, Frøya på kysten av Trøndelag, opplevde det same for nokre år sidan, var svaret frå kommunen å leggje til rette for fleire bustadtomter.

Den gongen hadde satsing i oppdrettsnæringa auka talet på innbyggjarar med 1000 personar. Men fleire tomter, innsats frå private utbyggjarar og startlån gjennom Husbanken redda situasjonen.

Ordførar Oppedal seier at dei har ute til høyring ein arealplan med bustadtomter både på Byrknesøy og naboøya, der det er teke høgde for innspela frå næringslivet.

Han viser og til at kommunestyret har vedteke å slå til på tilbodet frå oppdrettsmilliardær Braanaas som sikrar bygda ny barnehage.

– Då må vi ikkje vinkle dette negativt. Det hadde vore mykje verre om vi hadde hatt nedgang i talet på arbeidsplassar og mista hjørnesteinsbedrifta, seier Oppedal.

– No er det det motsette som skjer. Det er mange planar og mykje gode ting som skjer i Gulen kommunen. Då må vi få fram. Elles kjem ikkje ungdommen heim.

Hallvard Oppedal

PÅ HOGGET: Ordførar Hallvard Oppedal (Sp) meiner kommunen er på hogget, og viser til at dei har laga ein plan for nytt tomteland på Byrknesøy.

Foto: Johan Moen / NRK