Hopp til innhold

Utolmodig laksemilliardær vil bygge barnehage

GULEN (NRK): Fiskeoppdrettar Ola Braanaas vil bla opp 20 millionar kroner for å sikre barnehageplassar. No gir politikarane grønt lys til ordninga.

Ola Braanaas

BARNEHAGEEIGAR: Ola Braanaas (biletet) har alliert seg med Tore Larsen, og vil bygge ny barnehage i Gulen kommune gjennom selskapet Steelhead Invest.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Vi må ha barnehagar og skular for å lokke til oss tilsette. Barnehagen er full, og det ser ut til at det spruter ut born i alle retningar, seier Braanaas.

Frå kontoret med havet som næraste nabo på Byrknesøy i Gulen, har lakseoppdrettaren utsikt mot det han har tent store pengar på gjennom oppdrettsimperiet Firda Seafood. I fjor var Braanaas oppført med ein formue på 1.008.041.458 kroner.

Dei neste åra treng han opp mot 40 nye tilsette, men Braanaas meiner det blir vanskeleg å skaffe nok arbeidskraft når kapasiteten ved barnehagen er sprengt. Ofte må det fleire bordsete til for at ungane skal få i seg maten, og kommunen står no i fare for å måtte seie nei til borna som må ha plass til hausten.

Braanaas meiner Gulen kommune har brukt for lang tid på å gjere noko med barnehagen, og foreslo at han kunne bygge ny.

– Diskusjonen har vart i fleire år. No er det på tide at nokon skjer gjennom. Det er trist om nokre born ikkje får plass, og at vi går glipp av innbyggjarar og arbeidskraft, seier Braanaas.

Gjennom selskapet Steelhead Invest har han og Tore Larsen kjøpt tomt ved skulen, og vil tilby ein fiks ferdig barnehage til 20 millionar kroner.

– Kommunen slepp å tenke. Her får dei ein ferdig avtale, seier Braanaas.

Byrknesøy

SKJERGARD: For første gong er barnehagekapasiteten sprengt på Byrknesøy.

Foto: Merete Høidal / NRK

– Må betale kvart einaste øre

Saka har vore ei heit potet for politikarane i ein kommune med pressa økonomi.

Før helga var kommunestyret samla for å avgjere om dei ville pusse opp barnehagen, bygge nytt eller la private bygge. Eit samrøystes kommunestyre bestemte seg for å gi grønt lys for private.

No kan andre private utbyggjarar sleppe til. 2. mars er fristen for å levere eit anbod, og først då veit ein om det blir selskapet til Braanaas, Steelhead Invest, som skal bygge barnehagen. Førebels er det berre Steelhead Invest som har levert anbod.

– Det ligg inne at vi skal betale tilbake, men at selskapet byggjer raskt på sin grunn, seier Gulen-ordførar Hallvard Oppedal (Sp), og legg til:

– Det er ikkje noko sponsing, men eg hadde håpa at det var det.

Hallvard Oppedal

IKKJE GRATIS: Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal (Sp), seier kommunen må betale tilbake for ny barnehage.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Barnehagen er ikkje noko kommunen får gratis. Gulen kommune må leige eller overta bygget.

– Dei private gir ingenting. Vi må betale kvart einaste øre, seier politikar Stein Inge Larsen (uavhengig), som sjølv var inhabil i saka då ho var oppe i kommunestyret.

Larsen meiner Gulen kommune ville ha kome billegare ut, viss dei sjølve hadde stått for bygging av barnehagen. Han har rekna seg fram til at Braanaas sitt alternativ vert fire millionar kroner dyrare, enn om Gulen kommune hadde bygd barnehage på eksisterande tomt.

Må ha arbeidskraft

Braanaas skulle helst sett at det ikkje var behov for at han blei barnehageeigar.

– Vi vil verken bygge eller drive ein barnehage, men det er eit stort behov for barnehageplassar, som må bli gjort noko med no. Vi lever av fiskeoppdrett og ikkje av kommunale investeringar, seier han.

– Kvifor tek du på deg ei kommunal oppgåve?

– Eg er fiskeoppdrettar, så eg vil ikkje tene pengar på å bygge ein barnehage. Vi må ha gode tilsette i verksemda vår. Får du beskjed om at det ikkje er barnehageplass, så vil du ikkje flytte til Byrkensøy, seier Braanaas.