Hopp til innhold

Før var Arna stort skiskyttartalent - no spring ho trappemaraton i 30 pluss

Før konkurrerte ho i bitande kulde om gode plasseringar i skiskyting. No spring ho like gjerne opp 73 etasjar på det høgste hotellet i Søraust-Asia.

Arna Kolltveit
Foto: privat

Arna Blikom, tidlegare Kolltveit, frå Vik er ikkje som andre småbarnsmødrer. I ei årrekkje år var ho blant landets fremste skiskyttarar, og henta heim NM-medaljar.

No bur ho og familien i eksotiske Singapore, men konkurranseinstinktet har ho ikkje gløymt.

Swissotel Singapore

HØGASTE HOTELLET: Swissotel i Singapore er Søraust-Asias høgaste hotell.

Foto: privat

Sist helg deltok ho på eit temmeleg utfordrande trappeløp. 2116 steg rett opp 73 etasjar. Med 226 meter var Swissôtel The Stamford i si tid det høgste hotellet i verda.

Flytta til Singapore

– I mangel på snø og kalde moglegheiter, så får ein bli med på det som byr seg. Og dette likte eg, skikkeleg oppoverbakke, fortel Arna på telefon frå Singapore og ler.

Etter to år i Shanghai i Kina, flytta ho og familien vidare til Singapore der dei skal bu det komande året. Men trass eit godt liv i den tett folka bystaten, har ikkje Arna tenkt å leggje hardtreninga på hylla.

Saknar å konkurrere

– Singapore har fine moglegheiter til å trene utandørs. Dei har mange naturløyper i jungelen der ein kan få seg nokre mil på fint underlag. Det er varmt då, om lag 30 plussgrader kvar dag, så det set jo litt avgrensingar også, fortel vikjajenta og legg til at ein kan risikere å møte slangar på treningsturen. Det skjer heller sjeldan i Vik.

– Etter mange år som aktiv skiskyttar, saknar du å konkurrere?

– Ja, eg saknar det nok litt, er nok difor eg slenger meg med på det som byr seg og eg har nok eit greitt konkurranseinstinkt framleis. No er nok driven meir gleda av å vere med og få den kjensla etter at ein har gjennomført, seier Arna.

Varm oppleving

Saman med aktive trappeløparar frå heile verda stilte ho til start sist søndag og dei 2116 trappetrinna og 73 etasjane gjorde ho unna på knalltida 12,15.

–Eg starta med ein gong å gå to og to trappetrinn. Verste var at det var så utruleg varmt inne i trappegangen. Det hadde vore godt med ein frisk bris.

Skriv blogg om opphaldet

Som mange andre utflytte, vel ho å dele bilete og inntrykk frå opphaldet utanlands via bloggen sin, også om spennande utfordringar som Vertical Marathon.


– Det starta med at eg ville skrive til vener og familie om det vi dreiv med. Etter kvart blir det også ei minnebok for oss å sjå tilbake på, fortel Arna.