Arna Kolltveit frå Vik gjekk best av dei tre damene, og kunne sende Ann Kristin Flatland ut, også ho frå Vik, før både Oppland og Nord-Trøndelag, som var dei argaste konkurrentane. Men junioren Flatland fekk det ikkje til å stemme på standplass, og fekk to strafferundar på begge skytingane. Dermed tok Oppland sølvet.
Ann Kristin Flatland.200h
Tok seg inn att i sporet
Flatland gjekk ut som nummer fire etter siste skyting, men hadde ingen problem med å ta Sanna Solbakken frå Nord-Trøndelag i sporet.
Evelyn Lauvstad Hanevold.
Medan Arna Kolltveit sa seg svært nøgd med løpet sitt, var hverken Ann Kristin Flatland eller Evelyn Lauvstad Hanevold nøgde med sin eigen innsats.
Hordaland suverene
Hordaland stilte med eit reint klubblag, med systrene Ann-Elen Skjelbreid og Liv Grete Skjelbreid Poiree, og Liv Kjersti Eikeland, alle frå Hålandsdal IL.
Liv Grete Skjelbreid Poiree.
Liv Grete gjekk ein veldig sterk andre-etappe, med feilfri skyting, og parkerte all motstand. Sølvlaget Oppland gjekk over målstreken heile 3:51 bak vinnarlaget. Sogn og Fjordane kom i mål 5:40 bak Hordaland.
Det stilte fem kvinne-lag i stafett-konkurransen i NM.