Hopp til innhold

Skiskyttar-Karoline: Takkar familien for suksessen

Alle treningstimane saman med broren og støtta frå familien er veldig viktig for supertalentet Karoline Erdal (18). Søndag imponerte ho alle med 4.-plassen på Sjusjøen.

Sesongstart skiskyting 2016 på Sjusjøen.

GLADJENTE: Karoline Erdal frå Førde går til vanleg på skigymnaset på Geilo. I helga imponerte ho alle under sesongopninga på Sjusjøen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Familien er og har vore veldig viktig, og eg vil seie at det er noko som har gjort til at eg har blitt den eg er. Eg har trent veldig mykje med bror min, Ole Martin. Mykje av grunnen til at eg er her i dag, er på grunn av familien.

Det seier Karoline Erdal til NRK, nokre timar etter at ho blei beste norske utøvar under sesongopninga i skiskyting på Sjusjøen. Med 20 treff på standplass, synte ho at ho for alvor blir å rekne med, både i år og ikkje minst i åra framover.

Kan bli teken ut til verdscupen

– Eg har junior-VM som hovudmål i sesongen, og eg har også som mål å stabilisere meg enda meir på skytinga. Det er eit IBU-uttak til Beitostølen, og får eg sjansen til å gå der så er det ein veldig stor bonus. Vi får sjå korleis det blir framover, seier Karoline.

Søndag var det brått ho som var i fokus hos alle, og framfor fotografane på Sjusjøen klarte ho ikkje å halde dei sterke kjenslene tilbake. Det kom både latter, smil og tårer frå jenta, som fyller 19 år om to dagar.

– Det var ganske uverkeleg, sjølv om eg hadde eit mål om å skyte godt. Det å skyte 20 treff var veldig stort for meg, og det var viktig for meg å syne at eg kan skyte godt under press. Dette var ei god meistringskjensle. Dette var over all forventning.

Gledestårer for junioren Karoline Erdal

STERKE KJENSLER: Karoline Erdal klarte ikkje å halde tårene tilbake etter superløpet på Sjusjøen.

Imponert av juniorløparen

Den tidlegare storløparen Tora Berger er no assistenttrenar på juniorlandslaget. Ho var svært imponert over den unge eleven frå Førde, men noko særleg snakk om verdscup vil ikkje Tora høyre enda.

– Ho er 18 år og har god tid på seg. Og så er det heldigvis ikkje eg eller ho som bestemmer det, seier Berger.

Norges største kvinnelege skiskyttarstjerne dei siste sesongane, Tiril Kampenhaug Eckhoff, var også full av lovord om Karoline.

– Det er gøy å sjå at Karoline syner korleis det skal gjerast. Ho skyt 20 treff, og det er kjempeimponerande, meiner Eckhoff.