- Fleire av politikarane er skeptiske til å gå inn som eigar i eit selskap som skal drive lobbyverksemd for eit samferdsleprosjekt i fylket, seier Liv Henjum, som er leiar av utvalet.
Ho meiner det vil vere riktigare om fylkeskommunen på eit tidspunkt gir garantiar, slik dei har gjort i andre prosjekt.
I tillegg var heller ikkje trafikkanalysane klare til møtet i går.