Hopp til innhold

Skaut seg til 4. plass under LS

Håkon Sætre (17) frå Haugen skaut seg til ein flott 4. plass under finaleskytinga under LS i Bodø i dag.

Håkon Sætre frå Haugen

4. PLASS: Håkon Sætre frå Haugen skaut bra med i den innleiande skytinga og i finalen.

Foto: Jørn Njøs

Nordfjordingen starta dagen bra då han klinka til med 250 poeng og 23 innertiarar då det gjaldt som mest under den innleiande skytinga.

Han var dermed i tet framfor finalen i juniorklassen. Også der skaut han bra og fekk 100 poeng og trefte åtte innertiarar.

– Han fekk totalt 350 poeng, men skaut for få innertiarar i finalen til å sikre seg førsteplassen, seier Jørn Njøs som er NRK sin skyttarekspert.

Håkon Sætre er nøgd med dagens skyting og tykker ein 4. plass og medalje er bra.

– Eg er veldig nøgd, for eg hadde ikkje så store forventningar på konkurransen på førehand, seier han.

Jørgen Skivenesvåg frå Hyllestad kom på 12. plass med 349 poeng.

7. plass til Helene

Helene Vikøren

STERK 7. PLASS: Helene Vikøren kan reise heim med medalje etter baneskytinga under LS.

Foto: Jørn Njøs

Det blei også bra skyting i klassen for eldre rekrutt. 14 år gamle Helene Vikøren frå Farnes skyttarlag i Årdal sikra seg ein sterk 7. plass etter at ho skaut 100 poeng og åtte innertiarar. Ho kan dermed ta med seg ein medalje heim.

Benedicte Oppedal frå Oppedal/Brekke fekk 348 poeng og enda på 40. plass, medan Reidar Berge frå Vadheim skaut seg til ein 55. plass med same poengsum.

I norgestoppen

Jørn Njøs seier desse ungdommane har gjort det svært bra hittil under landsskyttarstemnet.

– Her er alle dei beste i Norge, så du er heilt i toppen når du er i finalen her, seier han.