Hopp til innhold

Mange lokale skyttar-favorittar

Bertel Odne Mjellem, som var på kongelaget i 2006, har små forventningar til eigen innsats når Landsskyttarstemnet startar i Bodø i dag.

Siste finpuss

FINPUSS: Det er mange ting som skal fungere før 4.000 skyttarar slepp til.

Foto: Lars Bjørn Martinsen / NRK

– Eg har trent litt mindre. Nokre stemne har gått bra, medan andre ikkje fullt så bra. Det har vore litt variert i år, så eg har ikkje dei store håpet, seier han.

Landsskyttarstemnet er eit stor arrangement med 4000 deltakarar. Totalt har 8000- 10 000 teke turen til stemnet som er eit av Norges største idrettsarrangement.

Minnast terrorofra

Etter tragedien på Utøya og i Oslo, blei det bestemt at NRK ikkje skal ha TV-sendingar frå stemnet. Under opningsseremonien som starta klokka 14 i dag, var det eit minutt stille for å minnast ofra etter terrorangrepa.

Har plukka ut favorittane

Jørn Njøs som er leiar i Fjordane krets er på plass i Bodø. Han seier det er 228 deltakarar frå Sogn og Fjordane. Han har plukka ut dei han meiner er mellom favorittane under årets stemne.

Sjølv om ikkje Berte Oddne Mjellem frå Hyen har stor tru på seg sjølv under årets stemne, trur Njøs at nettopp han er ein av favorittane.

– Han har vist veldig god form slik han har skote no i det siste. Når det gjeld damene, har eg stor tru på Marianne Stigen frå Leikanger, Elisabeth Skudalsnes og Reidun Kristin Knapstad frå Florø, seier han.

Desse skyttarane meiner Njøs kan vere aktuelle vinnarkandidatar:

Klasse rekrutt – 11–13 år

  • Johanna Reksten frå Nordbygda
  • Martin Wiggum frå Farnes
  • Jon-Hermann Hegg frå Hegg skyttarlag
  • Martin Molde frå Tønjum

Klasse eldre rekrutt – 14–15 år

  • Helene Vikøren frå Farnes
  • Regine Nesheim frå Eidsbygda
  • Torleiv jr. Straume frå Hyen
  • Kristin Eide frå Hyllestad
  • Karoline Erdal frå Førde

Klasse junior 16–17 år

  • Jørgen Skivenesvåg, Hyllestad
  • Arnhild Eiken, Hyllestad
  • Lovise Eiken, Hyllestad
  • Håkon Sætre, Haugen

Klasse 3–5 – frå 17 år ogoppover oppver

  • Bertel Oddne Mjellem, Hyen
  • Vegar Solhaug, Aurland
  • Svein Kåre Furre, Leikanger
  • Marianne Stigen, Leikanger
  • Ole Arild Aa, Hyen
  • Elisabeth Skudalsnes
  • Reidun Kristin Knapstad, Florø
  • Erling Melvær, Florø

Veteran V55

  • Jon Magnar Gjerland, Holsen
  • Bjarne Sandvik, Knipenborg

Veteran V65

  • Torolf Årdal, Jølster
  • Ludvig Indrebø, Farnes
  • Leiv Brun, Farnes
  • Kristen Lotsberg, Nordbygda

Veteran V73

  • Ragnar Husabø, Leikanger
  • Ståle Loftheim, Holsen