Åtvarar mot svart arbeid: – Forbrukarane kan bli haldne ansvarlege

Koronasituasjonen, finvêret og sommarferie gir høgsesong for oppussing. No åtvarar Skatteetaten mot svart arbeid.

Marianne Løvlid og Hildegunn olsen

KAMPANJE: Skatteetaten vil useriøse handverkarar til livs – og ønsker å førebygge dette med ei landsdekkande informasjonskampanje.

Foto: Artur do Carmo / NRK

– Det er veldig viktig at vi brukar seriøse aktørar slik at vi får inn dei skattane og avgiftene som vi treng til eit velfungerande velferdssamfunn, seier Marianne Løvlid i Skatteetaten.

I desse dagar køyrer Skatteetaten ei landsdekkande kampanje for å åtvare mot svart arbeid i handverksbransjen.

– Snyter staten for titals milliardar

– Konsekvensane kan vere store dersom ein nyttar seg av svart arbeid, seier seniorkonsulent i Skatteetaten Hildegunn Olsen.

Ho seier at kvar og ein av oss har eit ansvar for å handle kvitt, sjølv om ein kjem over tilbod om svart arbeid.

Administrerande direktør Jon Sandenes i Byggenæringens Landsforening er einig.

– Dersom du har kjøpt tenesta svart og du ikkje er nøgd med jobben som er gjort, så har du ikkje reklamasjonsrett, seier han.

Jon Sandenes

VIKTIG TILTAK: – Vi er veldig glade for at skatteetaten gjer dette tiltaket, og det er heilt naudsynt, seier Jon Sandenes som er administrerande direktør i Byggenæringens Landsforening.

Foto: Moment Studio / Moment Studio

Sandenes seier at forbrukarar ikkje berre mister rettar, men at dei og snyter myndigheitene for skattar og avgifter.

– Både vi og myndigheitene har gjort anslag på dette, og vi snakkar altså om titals milliardar kroner som vert unndregne.

Undersøkingar Byggenæringens Landsforening har gjort med sine medlemsbedrifter syner at nesten 30 prosent av tenestene vi kjøper av handverkarar er svarte.

Sandenes seier at det vert kjøpt mest svart arbeid i store byar, men han påpeiker at det også skjer i distrikta.

– Dette er ikkje berre eit problem i byane. Dette er eit landsdekkande problem som må bli tatt på alvor.

– Kan bli halde ansvarleg

Kjøper du tenester av bedrifter som ikkje betaler skatt og avgifter så betyr det mindre pengar til fellesskapet, forklarar skattekrimsjef i Skatteetaten Erik Nilsen.

Han minner om at ved å kjøpe tenester for meir enn ti tusen kroner i kontantar kan du bli stilt ansvarleg for det seljaren hadde som mål å unnlate å betale i skatt eller andre avgifter.

Skattekrimsjef Erik Nilsen

– Arbeidslivskriminalitet er eit samfunnsproblem vi har stort fokus på å overvinne, seier skattekrimsjef i Skatteetaten Erik Nilsen.

Foto: Skatteetaten

– Dette gjeld ikkje berre ved enkeltkjøp, men også samla over tid med kjøp av same teneste.

Betalar du via bank har du derimot dokumentasjon på transaksjonen og unngår derfor å bli medansvarleg etter denne lovbestemminga.

Tips og råd rett i postkassa

No håper Skatteetaten at kampanjen «Sjekk kven du handlar med» kan bidra til at forbrukarane vel å handle hjå seriøse aktørar.

Dei reiser no landet rundt og deler ut brosjyrar rett i postkassa med tips og råd om korleis ein kan vere sikker på at ein handlar kvitt.

– Blant anna burde du som forbrukar krevje å få sjå eit HMS-kort av oppdragsgivar, då dette er noko alle i næringa er pålagde å ha, seier Hildegunn Olsen.

Skatteetatens landsdekkande kampanje

RETT I POSTKASSA: Skatteetaten deler ut brosjyrar med tips og råd for korleis ein kan unngå å handle svart.

Illustrasjon: Ina Christin Løvseth / NRK