Hopp til innhold

Skålabu stengt på ubestemt tid – gjekk ikkje å fryse i hel veggedyra

Håpet var at vinteren skulle ta knekken på veggedyra på Skålabu i Nordfjord. – Det var dessverre ikkje kaldt nok, seier Den Norske Turistforening.

Skålabu

BLIR IKKJE OPNA: Skålabu på det populære turmålet Skåla i Nordfjord har det siste halvåret vore stengt på grunn av veggedyr dei ikkje blir kvitt. Skadedyra kan leve over eit år utan mat.

Foto: Ole Dag Auflem

– Vi fekk tilbakemelding frå gjester som hadde fått ganske mange bitt, seier Johnny Bjørge, som er hytteansvarleg for Skålabu.

Turisthytta ligg på toppen av Skåla (1848 moh.) i Loen i Nordfjord.

Første gong dei oppdaga skadedyra var i oktober. Då var håpet av vinterkulda skulle ta knekken på dei.

– Klarar du å få minst 7 minusgradar i hytta, dør veggedyra på nokre veker, forklarte Tommy Iversen, dagleg leiar i Vest Skadedyrkontroll.

Eitt halvt år seinare kan Skålabu gjere opp status.

Kva den viser? At veggedyra ikkje vil gje seg utan kamp.

«Vi håpet at den strenge vinteren hadde tatt knekken på veggedyra som var der, men dessverre var ikkje det kaldt nok til at alle veggedyra mista livet», skriv DNT på sine nettsider.

– Det er mange veggedyr som har døydd, men det er fleire som lever, seier Bjørge.

Enn så lenge må difor Skalabu stenge ned – «på ubestemt tid».

– Det er ganske kritisk om gjestane får dei med heim. Då kan dei få store problem med å bli kvitt dei, seier Bjørge.

Ved hjelp av insektmiddel vart veggedyr nesten utrydda på 50-talet. Men på grunn av resistens mot insektmidla og auka reiseaktivitet har førekomsten av veggedyr økt kraftig over store deler av verda dei siste 15 åra.

I dvale kan veggedyr overleve i 485 dagar på ganske låge temperaturar.

Håpet er likevel at Skålabu kan opnast for gjester ein gong i sommar, seier Bjørge:

– Det vi mest sannsynleg kjem til å gjere er at vi renoverer dei romma det gjeld. At vi fjernar golv, vegger og tak og kler det opp att.

– Då blir vi kvitt problemet også for framtida.

På toppen av Skåla ligg også det kjende Skålatårnet.

Det vil halde opent, og dei som er gjestar der kan bruke toalett og hente matproviant frå Skålabu.

– Det er ikkje farleg. Problemet oppstår når du legg deg i sengene, seier Bjørge.

Johnny Bjørge

RENOVERING: Johnny Bjørge i Bergen og Hordaland turlag håpar å kunne opne hytta til sommaren etter at dei renoverer delar av hytta.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK