Hopp til innhold

Uønskte gjester stenger turgåarane ute

Veggedyr har innteke Skålabu, og blir dei einaste gjestene der i vinter. Turlaget set hengelås på døra og håpar vinterkulda skal ta knekken på skadedyra.

Skålabu

STENGER HYTTA: På Skålabu (lengst framme) er det berre veggedyra som blir verande i vinter. Turlaget håpar kulden skal ta knekken på dei. Døra til Skålatårnet (bak) vil vera open, men det er heller ikkje mogleg å booka overnatting der.

Foto: Ole Dag Auflem

Turisthytta Skålabu på fjellet Skåla vart bygd i 2016, og ligg like ved det kjende Skålatårnet.

Skåla er 1848 meter høgt, ligg over Loen i Nordfjord og er eit ynda turmål. Store delar av stien opp går gjennom Jostedalsbreen nasjonalpark.

Men for nokre veker sidan vart idyllen broten, då fleire gjester meldte om at dei hadde blitt bitne av veggedyr då dei overnatta der.

Johnny Bjørge

FRYSER UT «GJESTENE»: Johnny Bjørge er hytte- og ruteansvarleg i Bergen og Hordaland turlag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Det er jo ikkje noko særleg å få i hus. Men enkelte DNT-hytter har vore plaga med veggedyr, og dei er veldig vanskeleg å få has på, seier Johnny Bjørge, som er hytte- og ruteansvarleg for Bergen og Hordaland turlag, som eig hytta.

Det var Fjordingen som omtala saka først.

Vil frysa dei ut

Veggedyr er, ifølgje Folkehelseinstituttet , blitt meir vanleg i Noreg dei siste åra. Dei blir 5-6 millimeter lange.

Turlaget har no stoppa all booking til hytta fram til påske neste år, og skal setja hengelås på døra. For dei små krypa er hardføre, og kan leva godt over eit år utan mat.

Veggedyr

– Me vil ikkje ha noko overnatting der no, for det kan gi føde og livsgrunnlag til desse krapyla. Så i løpet av neste veke set me hengelås på døra, seier Bjørge til NRK.

Målet er å la temperaturen falla så lågt i løpet av vinteren at skadedyra dør. Då må det vera 18 minusgrader i minst tre samanhengande døgn. Det kan også vera mildare, ned mot sju minusgrader. Men då må kuldeperioden vare i tre til fire veker, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Tommy Iversen, dagleg leiar i Vest Skaderdyrkontroll, påpeiker at veggedyr kan overleve i dvale i 485 dagar på ganske låge temperaturar.

– Men klarar ein å få minst 7 minusgradar i hytta, dør veggedyra på nokre veker. Det viktige er å passe på at alt i hytta blir kaldt, så ikkje veggedyra gøymer seg ein stad der kulda ikkje når gjennom, seier Iversen.

Og på toppen av eit 1848 meter høgt fjell bør det vera brukbare sjansar for å klara det i løpet av ein lang vinter, meiner turlaget.

– Me skal logga temperaturen inne i hytta gjennom heile vinteren, slik at me til våren kan sjå om korleis kuldeperiodane har vore der oppe, seier Bjørge.

Skålabu på Skåla.

MAGISKE AUGEBLIKK: Skåla blir rekna for å vera Noregs høgste fjell med foten heilt i fjorden. Det er 20 sengeplassar i hytta.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Skålatårnet framleis ope

Det ikoniske Skålatårnet, som vart bygd på 1800-talet, vil framleis vera ope. Men skal du sova der, bør du vera glad i kulde.

– Skålatårnet har alltid vore ulåst, og det skal det framleis vera. Men på grunn av verneforskrifta er det ikkje lov å bruka vedomnen der no. Og utan Skålabu er det heller ikkje toalettfasilitetar på fjellet, så me stenger for booking også i tårnet. Men døra vil vera open, slik at ein kan gå inn der om det er krise. Men det er ikkje noko særleg å bu der, for å seia det slik, seier Bjørge med eit lite flir.

Målet er at problemet er løyst til våren, og at turgåarar kan nyta påskesola frå hytta.

Skålatårnet og Skålabu.

GAMALT OG NYTT: Skålatårnet har stått der sidan 1891. Veslebroren Skålabu stod klar i 2016.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK