Hopp til innhold

Skal granske fosterheimdødsfall på nytt

Fylkeslegen opnar opp att tilsynssak mot Sogn barnevern, etter at dei har fått nye opplysningar. Samstundes har fastlege ikkje gitt behandling til jenta i tråd med god praksis.

Sogndal kommune

BLIR GJENOPNA: Tilsynssaka mot Sogn barnevern vert opna opp att.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Fylkesmannen tek opp att tilsynssaka mot Sogn barnevern. Det skjer etter at dei fyrst har lagt vekk saka og konkludert med at det ikkje hadde skjedd noko uforsvarleg.

No har saka teke ei ny vending: Fastlegen til jenta har ikkje handla i tråd med god praksis, og i arbeidet med tilsynssaka mot fastlegen har det kome fram nye opplysningar som gjer at saka må vurderast på nytt.

LES OGSÅ: Fann ikkje noko uforsvarleg og la vekk saka
LES OGSÅ: Melder barnevernet etter dødsfall

Det var i byrjinga av februar i år at ei 13 år gamal jente vart funnen død i si eiga seng i fosterheimen. Dødsfallet førte til at Sogn barnevern, fosterforeldre og ein kommunelege vart melde til politiet av dei biologiske foreldra.

Foreldra meinte at barnevernstenesta ikkje hadde god nok omsorgskompetanse, og at jenta i framkant hadde symptom på epilepsi. Etter det NRK kjenner til var epilepsimedisineringa trappa ned i framkant av dødsfallet.

Tek opp att saka etter nye opplysningar

I april konkluderte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane med at barnevernet si handsaming og oppfølging av 13-åringen var forsvarleg. Fylkesmannen sa då at dei meinte Sogn barnevern hadde følgt opp barnet sine behov. No har dei snudd og vil likevel granske saka ytterlegare gjennom å opne opp att tilsynssaka.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

FANN NYE OPPLYSNINGAR: Fylkeslege Per Stensland seier nye opplysningar i saka gir grunn til å gjenopne tilsynet mot Sogn barnevern.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

For Fylkeslegen har på same tid gått gjennom om jenta sin fastlege har gitt ho forsvarleg helsehjelp. Konklusjonen er at fastlegen ikkje har gitt behandling i tråd med god praksis, sjølv om den likevel kan reknast som fagleg forsvarleg, under tilsynet kom det også fram ny informasjon om Sogn barnevern.

Sogn barnevern må vurderast i nytt lys

– I gjennomgangen av saka mot fastlegen har det kome fram nye opplysningar som gjer at saka som gjeld Sogn barnevern må vurderast i eit nytt lys, seier fylkeslege Per Stensland

Stensland seier det er vesentleg grunn til å gjenopne saka.

– Eg kan ikkje gå i detaljar kring desse informasjonane. men det er i alle fall vesentleg grunn til å gjenopne saka. Det er informasjon knytt til informasjonsgangen i saka mellom fastlegen som tidlegare var inne i biletet for jenta den tida ho budde i Sogndal, og Sogn barnevern.

Denne fastlegen er ikkje den same fastlegen som hadde ansvaret for jenta då ho døydde og som det vart oppretta tilsynssak mot.

Fastlege får kritikk

Fastlegen i Sunnfjord som ikkje har gitt behandling i tråd med god praksis har fått beskjed om å ta lærdom av hendinga, men avviket blir ikkje rekna som eit brot på helselovgjevinga.

– Fastlegen i Sunnfjord har følgt eit hovudspor som vi er samde i sin diagnostiske tilnærming til jenta, men han også kunne vore grundigare innom sidespor i si diagnostiske tilnærming. Han kunne gjort ting annleis, og det kan han ta til læring, seier Stensland.

Sogn barnevern kan ikkje kommentere

NRK har vore i kontakt med leiar for Sogn barnevern, Hadle Blikra. Han var ikkje kjent med at fylkesmannen tek opp att tilsynssaka då NRK ringde. Han ynskjer å setje seg inn i fylkesmannen si avgjerd før han eventuelt uttalar seg.

Advokaten til jenta sine biologiske foreldre, Louis Anda, seier partane hans er glade for at saka kjem opp att.

– Vi har etter den første tilsynssaka skrive eit brev og kommentert det vi meiner er svakheiter ved den tilsynsrapporten som ligg føre, og har grunn til å tru at det har vore medverkande årsak til at ein vel å ta opp att saka, seier Anda.

– Vi meiner Sogn barnevern har hatt ein del alvorlege manglar og ikkje gjort ting som skulle vore gjort, som har medført at dette barnet har mista livet, seier advokaten.

Politiet etterforskar framleis dødsfallet.