Hopp til innhold

Skal gjere søk etter sakna med ubåt

Onsdag skal det etter planen bli gjort søk med ubåt etter den sakna mannen i 60-åra utanfor oljebasen i Florø.

Redningsaksjon etter sakna mann utanfor Florø

AKSJON: Redningsskøyta RS Emmy Dyvi var blant båtane som måndag morgon vart sett inn for å leite etter mannen. Redningsaksjonen var avslutta måndag kveld og det er no snakk om søk etter omkomen.

Foto: Redningsskøyta Rs Emmy Dyvi

Mannen har vore sakna sidan ein gong søndag ettermiddag/kveld, men politiet fekk først kjennskap til saka natt til måndag. Heile måndag var det leita etter mannen både på land og til sjøs, og opp mot 50 personar deltok.

Det er ikkje gjort funn, og politiet håpar no å kunne søke gjennom området med ein såkalla ROV. Dette er ein fjernstyrt undervassfarkost som blir styrt frå overflata.

Operasjonsleiar Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier tidleg onsdag at dei enno ikkje har fått på plass slikt utstyrt levert av eit profesjonelt firma. Det er likevel håp om at det skal bli gjort søk i området i dag.

– Det er ein supplybåt i området som har ein slik ROV om bord. Dei har tilbydd seg å gjere søk, for å teste ut sitt utstyr, seier Stokkereit.

Det blir framleis jobba med å få på plass eit firma som har spesialisert seg på søk med slikt utstyr.

– Primærområde for søk er rundt oljebasen. Dersom det ikkje blir gjort funn her, vil søkeområdet eventuelt bli utvida, seier operasjonsleiaren til NRK.no ei stund etter klokka 09.

Ved 11-tida melder politiet at dei no har fått på plass ein avtale med eit firma i Bergen. Dei vil kome til Florø og starte søk etter mannen fredag morgon.

Mannen i 60-åra som er sakna var saman med ein annan då han skal ha ramla over bord ein liten fritidsbåt. ein gong søndag. Den andre mannen i båten skal ha forsøkt å finne han att, utan hell. Natt til måndag kom ein skyssbåt over båten då den dreiv rundt i Florøvika. Mannen som var att om bord var då så rusa at politiet vart kontakta, og dei hadde lenge problem å få nyttig informasjon ut av han.

Redningsaksjonen vart formelt avslutta måndag kveld ved 19-tida, og politiet leitar no etter dei dei trur er ein omkomen person.

Politiet har onsdag føremiddag frigjeve namnet på mannen. Det er 63 år gamle Jan Kåre Solheim frå Norddalsfjord i Flora som er sakna.